NYASTE MODELL: Discovery Sport er Land Rovers nyaste modell. Han kom på marknaden for eitt år sidan, og no er han i tillegg klar med ein heilt ny motorserie laga på huset. FOTO: Morten Abrahamsen/NTB tema /

SUVen med den aller beste stamtavla

Discovery Sport frå Land Rover er visuelt lik dei fleste andre mellomstore SUVar. Men han har nokre ess i ermet.

Land Rover Discovery Sport rulla inn på den svært lukrative familie-SUV-marknaden, der det er tett i tett med bilar, for eitt år sidan. Han la seg i det øvre sjiktet, i selskap av bilar som BMWs X3, Audi Q5 og Mercedes-Benz GLK. Sistnemnde kom nettopp i ei heilt ny utgåve kalla GLC, og er som Discovery Sport eit gigantisk såpestykke av ein bil, som liknar på så å seie alt anna i sjangeren.

Artikkelen held fram under biletet. 

NISJEPRODUSENT: Land Rover er ein utprega nisjeprodusent. Alle bilane er SUVar, og dei høyrer til ei lita nisje i dette segmentet. Av dei totalt 42.816 SUVane som blei registrert nye i Noreg i fjor, var 602 frå Land Rover.

Då Discovery Sport kom på marknaden, hadde han med seg motorane frå Freelander 2, det vil seie einingar som stamma frå den tida dei var under Fords eigarskap, som stogga i 2008.

Så nyheita her er ikkje sjølve bilen, men det ein finn under panseret. For no er endeleg Jaguar Land Rover klar med sine eigne motorar. Dei har fått namnet Ingenium og vert laga i Wolverhampton i England. Dieselmotorane er på 150 eller 180 hestekrefter. Testbilen vi køyrer, har den minste motoren, men det høgste utstyrsnivået.

Artikkelen held fram under biletet. 

INVESTERINGAR: Indiske Tata, som eig Jaguar Land Rover, har gjort og vil gjere svære investeringar i merka. Dei har rulla ut ei rekke nye modellar på få år. Sjølv den legendariske Defender-modellen skal byast ut etter å ha vore i produksjon sidan krigen.

Utan særpreg

Det er litt synd at dei nemnde SUV-modellane har så lite særpreg. Det er no i all hovudsak grillen som skil eit sneis med bilar frå kvarandre. Dette heng opplagt saman med ein marknad som har svært konservative kundar, som i det heile ikkje vil ha noko som skil seg ut. For produsentane blir dette ei utfordring – for korleis skal ein då rettferdiggjere prispåslaget til ein premiumbil?

Artikkelen held fram under biletet. 

MERKEDESIGN: Fronten skil Discovery Sport frå alle dei andre bilane i segmentet. Her er det familielikskap med Range Rover Evoque som gjeld.
MERKEDESIGN: Fronten skil Discovery Sport frå alle dei andre bilane i segmentet. Her er det familielikskap med Range Rover Evoque som gjeld.

Land Rover Discovery Sport er langt frå ein billig bil i dette segmentet, og utgåva vi testar, ein HSE Luxury, er på toppen av linja. Det betyr fint lær i interiøret, massevis av høgtalarar, funky felgar og mykje teknisk snacks. Men altså i dette tilfellet den mest puslete motoren. Med ei eigenvekt på 1,8 tonn er det temmeleg opplagt at det er komfort og ikkje «Sport» som er sentralt. Null til hundre tar meir enn ti sekund.

Sjusetar

Det ein får igjen, er ein behageleg turkamerat. Den nye motoren er fredelegare enn den førre. Berre under kraftig akselerasjon kjem det eit klart element av dieselkakling i kupeen. Sjølve prestasjonane er temmeleg like det den førre motoren tilbaud, men den nye er meir gjerrig på drivstoffet.

Artikkelen held fram under biletet. 

NY SERIE: Ingenium-motorane er heilt nye. I dieselversjon vert dei leverte med 150 eller 180 hestekrefter til Discovery Sport. Det skil cirka 40.000 kroner mellom dei to motorane. I tillegg kan han leverast med ein bensinmotor på 240 hestekrefter. Han startar på 792.000 kroner. HSE Luxury, lik modellen her, startar på 905.000 kroner

Den manglande spruten i motoren er ikkje nødvendigvis diskvalifiserande, ettersom dette er ein familiebil. Som er romsleg, med bra sikt ut for alle passasjerar, noko som veg tungt når ein skal på tur. Bilen har også ein veldig god innvendig fleksibilitet, og kan blant anna utstyrast med ei ekstra seterad, slik at det blir ein sjusetar.

Artikkelen held fram under biletet. 

GREITT NOK: Innvendig er det ryddig, men ikkje vidare raffinert. Funksjonelt, solid og med eit materialval på det jamne. Seta kunne med fordel ha vore utstyrt med ei sitjeplate som kan forlengjast.
GREITT NOK: Innvendig er det ryddig, men ikkje vidare raffinert. Funksjonelt, solid og med eit materialval på det jamne. Seta kunne med fordel ha vore utstyrt med ei sitjeplate som kan forlengjast.

Innvendig får ein litt igjen for den litt friske prisen, for interiøret er betre enn i tilsvarande bilar frå Sør-Korea og Japan. Samtidig er ikkje dette ein Range Rover, så den opplevde kvaliteten er god, men ikkje glitrande. Det er plastikk, skjermen er verken spesielt stor eller vidare avansert, og designen er ganske ordinær. Det følast solid, og ser ein litt på stamtavla til ein Land Rover, så er det eit poeng. Det er likevel på sin plass å nemne at ein topputstyrt Toyota RAV4 med same motorstyrke og firehjulstrekk kostar 476.000 kroner, medan den aller enklaste Discovery Sport startar på 540.000 kroner.

Ein terrengbil

Der Discovery Sport feiar golvet med så å seie alle andre konkurrentar, er på terrengeigenskapar. Dette er ikkje ein bil der offroad-elementa består av plastikkhjulbogar og litt ekstra bakkeklaring. Her er det eit drivverk som er laga for å komme seg opp ei steinrøys. Dette har underteikna sjølv prøvd under introduksjonen av modellen.

Artikkelen held fram under biletet. 

TERRENGBIL: Discovery Sport har solide og segmentleiande terrengeigenskapear, men det er grunn til å tru at dei færraste av kundane kjem til å nytte seg av det.
TERRENGBIL: Discovery Sport har solide og segmentleiande terrengeigenskapear, men det er grunn til å tru at dei færraste av kundane kjem til å nytte seg av det.

På standard piggfrie dekk har bilen heilt merkverdig gode fjellgeiteigenskapar, også på snø. Skulle du ikkje komme opp til hytta med denne bilen, er det faktisk meininga at du skal bruke klatreutstyr, ikkje bil. At det ikkje er lov å køyre utanfor allfarveg i Noreg, er så si sak, men skulle du føle at vegstandarden i Noreg er under ein kvar kritikk kan du jo kjøpe ein Discovery Sport som ein slags protest.

Artikkelen held fram under biletet. 

BAKKEKLARING: Bilen har ei bakkeklaring på 21 centimeter. Han toler vading i 60 centimeter djupt vatn, kanskje ikkje så dumt i desse ekstremvêrtider?
BAKKEKLARING: Bilen har ei bakkeklaring på 21 centimeter. Han toler vading i 60 centimeter djupt vatn, kanskje ikkje så dumt i desse ekstremvêrtider?

Eit anna element som løfter bilen, er stamtavla. Dette er eit selskap som aldri har laga noko anna enn terrengbilar – og det vi etter kvart har valt å kalle SUV. Dette er altså ikkje noko dei har funne på dei seinare åra for å tekkjast ein veksande marknad.

I og med at Land Rover aldri har laga vanlege personbilar og stasjonsvogner, leverer dei heller ikkje SUVar som slektar på slike bilar. Hos andre produsentar har ein gjerne stasjonsvogner og SUV-ar som deler mange av dei same estetiske elementa, som grill og lykter. Då blir resultatet ein SUV som liknar ein oppblåst variant av ein allereie eksisterande familiebil. Det slepp vi med ein Land Rover.

(UNDERSAK) Tekniske data: Land Rover Discovery Sport Td4 HSE Luxury

Pris: 737.900.-

Pris testbil: 867.000.-

Motor: 4 syl. diesel. Turbo. 1999 ccm. 150 hk v. 4000 o/min. 380 Nm v. 1750 o/min

Aks: 10,3 sekund

Toppfart: 180 km/t

Forbruk: 0,46 l/mil (landeveg), 0,64 l/mil (by), 0,53 l/mil (blanda)

Utslepp: 139 gram/kilometer CO2. 55 milligram/kilometer NOx.

Mål (LxBxH): 4599/2069/1724 millimeter

Bagasjerom: 479/1698 l

Eigenvekt: 1829 kilo (©NPK)

Til toppen