UVANLEG: Tesla Model X har den underlegaste dørløysinga i bilindustrien hittil. Teknologien hentar crossoveren for ein stor del frå Model S. (Foto: Tesla)
UVANLEG: Tesla Model X har den underlegaste dørløysinga i bilindustrien hittil. Teknologien hentar crossoveren for ein stor del frå Model S. (Foto: Tesla)

 SUVerent i 2016

Audi kjem med ein heilt ny mini-SUV, Range Rover kappar taket av Evoque og Tesla lanserer Model X. For SUV-entusiastane har 2016 mykje å by på.

Etter kompaktbilane er det SUV-ar det blir selt aller mest av her heime. I 2015 vart det selt 42.816 SUV-ar i Noreg. Det er ein auke på 12,5 prosent frå året før.

Men også i utlandet er SUV – og dei meir køyreglade crossoverane – populære, og skal vi dømme etter talet på nyheiter blir 2016 eit gedigent SUV-år. Volkswagen-konsernet, som blant anna består av Audi, Bentley, Skoda og Volkswagen, kjem åleine med sju nye SUV-ar før 2016 går over i historia.

Ladbar Q7 – og mini-Q

Dei første kundane har allereie bestilt Bentley Bentayga. Denne enorme luksus-SUV-en er det berre nokre få forunnt å styrke garasjen med. Han er ein av dei nye SUV-ane frå Volkswagen-konsernet – og den første SUV-en nokosinne frå Bentley.

Meir folkeleg er det hos Audi, der ein ny Q ser dagens lys. Bilen blir mindre enn Q3 er i dag og vil strekkje seg knapt 4,3 meter. Grunnmotoriseringa blir ein tresylindra bensinmotor. I tillegg kjem Audi med oppgradert Q5, ladbar utgåve av Q7 og ikkje minst A4 Allroad. Sistnemnde får motorar frå 150 til 252 hestekrefter, høgare bakkeklaring enn standardversjonen av A4 og naturleg nok firehjulsdrift.

Artikkelen held fram under biletet. 

LADBAR: Audi oppgraderer Q5 og kjem med ein liten SUV i tillegg. Namnet blir enten Q1 eller Q2. I tillegg blir Q7 (biletet) ladbar.
LADBAR: Audi oppgraderer Q5 og kjem med ein liten SUV i tillegg. Namnet blir enten Q1 eller Q2. I tillegg blir Q7 (biletet) ladbar.

Samtidig kjem Volkswagen med heilt ny Tiguan. Allereie til våren er bilen her, og mot hausten blir det lansert ein versjon med sju seter. Ein ladbar Tiguan er også venta. Frå Skoda kjem også ein ny SUV. Bilen blir 4,6 meter lang, og teknikken hentar han frå Tiguan.

Artikkelen held fram under biletet. 

FOLKELEG: Ein heilt ny Volkswagen Tiguan er på trappene i 2016. Bilen kjem også i ein lang versjon og som ladbar hybrid. Bilen deler mykje av teknologien med Skodas nye SUV, endå ein bil som blir lansert i 2016.
FOLKELEG: Ein heilt ny Volkswagen Tiguan er på trappene i 2016. Bilen kjem også i ein lang versjon og som ladbar hybrid. Bilen deler mykje av teknologien med Skodas nye SUV, endå ein bil som blir lansert i 2016.

Kan trekkje 2,2 tonn

Mykje spenning knyter det seg også til den første SUV-en frå Tesla. Med si spesielle dørløysing – bakdører som blir opna oppover – blir bilen den første heilelektriske SUV-en på marknaden. Teknisk sett blir løysingane like dei vi allereie i dag finn på Model S med Dual Drive (firehjulsdrift).

Største batteripakke blir det på 90 kWh, og toppmodellen skal ifølge Tesla klare akselerasjonen frå 0 til 100 kilometer i timen på 3,2 sekund. I tillegg kjem det ein 90D, mens innstegsmodellen blir 70D. Sistnemnde får ei rekkjevidd på rett over 35 mil, mens 90D kan køyre drygt 40 mil mellom kvar batterilading.

Tesla Model X blir ein sjusetar, og han skal som den første elbilen i verda klare å trekkje tilhengar med ei vekt på opptil 2,2 tonn.

Meir hybrid frå Toyota

Ny er også Lexus RX450h, som blir noko lengre enn modellen i dag. Samtidig aukar effekten til 300 hestekrefter. Som før får hybriden, som ikkje er ladbar, ei trinnlaus girkasse og firehjulsdrift. I tillegg blir den større enn utgåva i dag.

Litt Lexus finn vi også i den nye Toyota RAV4. Sjølve grunnkonstruksjonen kjenner vi frå modellen i dag, men diesel blir kutta ut, og dei utvendige designendringane blir betydelege. I tillegg kjem RAV4 no som hybrid, med same drivlinje som ein finn i Lexus NX300h.

Artikkelen held fram under biletet. 

HYBRID: Den nye Lexus RX450h (biletet) blir sterkare og større enn modellen i dag. Toyota RAV4 kjem dessutan med hybridteknologi henta frå Lexus NX300h.
HYBRID: Den nye Lexus RX450h (biletet) blir sterkare og større enn modellen i dag. Toyota RAV4 kjem dessutan med hybridteknologi henta frå Lexus NX300h.

Fjernar taket

Sjølv om dei fornuftige SUV-ane dominerer blant nyheitene i år, er det også plass til nisjebilar. Mercedes har knapt rokke å avduke den nye GLC, før dei kunngjer at det kjem ein coupe-versjon av bilen. Han skal konkurrere med BMW X4, og design har fått forrang for plass og praktiske løysingar.

Spesielt nyttig er nok heller ikkje nyheita Range Rover Evoque kabriolet. Den opne SUV-en får stofftak.

Heller ikkje italienarane fornektar seg. Både Alfa Romeo og Maserati kjem med SUV-ar i år – og det gjer også Jaguar.

Artikkelen held fram under biletet. 

OPEN: Høg bakkeklaring og kabriolet er ikkje nokon motsetning, men uvanleg er det. Range Rover opnar ein heilt ny nisje med Evoque Cabriolet.
OPEN: Høg bakkeklaring og kabriolet er ikkje nokon motsetning, men uvanleg er det. Range Rover opnar ein heilt ny nisje med Evoque Cabriolet.

Held stand

Dermed går det mot endå eit toppår for SUV-ar, bilane som er både elska og hatet. Kritikarane meiner dei er uforholdsmessig store og bensinslukande, samtidig som storleiken utgjer ein fare for både gåande, syklande og andre køyrande.

Det er likevel lett å forklare kvifor bilane er så populære. Kvifor over 38.000 nordmenn valde ein SUV i 2015 – og kvifor mange også kjem til å velje det i 2016. Det handlar ikkje om dårleg hytteveg. Det handlar om kjensla av tryggleik når ein sit bak rattet i ein bil som er litt høgare enn alt anna på vegen. Det handlar om høg bakkeklaring og mindre fare for å sette seg fast – og om praktiske løysingar og komfort.

No som mange av folkefavorittane også kjem som hybridar eller ladbare hybridar, kan SUV-kjøparane legge endå eit argument til kjøpsavgjerda: bilen er miljøvennleg.

NOBEL: Jaguar F-Pace er ein av fleire nisjemodellar som kjem som SUV. Alfa Romeo og Maserati lanserer også SUV-ar i løpet av året.
NOBEL: Jaguar F-Pace er ein av fleire nisjemodellar som kjem som SUV. Alfa Romeo og Maserati lanserer også SUV-ar i løpet av året.
Til toppen