ØNSKJER EKSTERN GRANSKING: Vibeke Johnsen (innfelt) og SV ønskjer ein ekstern gjennomgang av leiinga i Sogn barnevern. Foto: arkiv.
ØNSKJER EKSTERN GRANSKING: Vibeke Johnsen (innfelt) og SV ønskjer ein ekstern gjennomgang av leiinga i Sogn barnevern. Foto: arkiv.

SV ber om ekstern vurdering av leiinga i barnevernet

Politikarane i Sogndal er rysta over funna i tilsynet med Sogn barnevern. SV ønskjer fleire svar enn det som kom fram i den førebelse rapporten.  

Sogndal: I kjølvatnet av dei alvorlege funna Fylkesmannen gjorde i tilsynet med Sogn barnevern ønskjer SV no ein ekstern gjennomgang av leiinga og leiingsstrukturane i tenesta.

– Det gjer vi fordi det er viktig for å forstå kva som har skjedd og kva som må skje for at det skal verte bra framover. Det er så avgjerande at vi får eit godt barnevern. Eg trur på rådmannen når han seier at ting er i betring, då må vi sikre oss det, seier Vibeke Johnsen, fylkesleiar for SV i Sogn og Fjordane og medlem av kommunestyret i Sogndal.

Les også: Fylkesmannen la fram funn i nytt tilsyn av Sogn barnevern
Les også: Her er rapporten om barnevernet

Politikarane er uroa

Kravet kom etter at rådmann Jostein Aanestad i går hadde gitt kommunestyret ein gjennomgang av den førebelse rapporten frå tilsynet med Sogn barnevern. I gjennomgangen kom rådmannen med sjølvkritikk på vegner av tenesta og lova at dei skal gjere alt dei kan for å lære av feila. 

Samstundes understreka han at ting no er i ferd med å normalisere seg, etter ei tid prega av dårleg arbeidsmiljø, høgt sjukefråvær og stor gjennomtrekk av tilsette.

Les også: Sogn barnevern: Ordføraren ser alvorleg på funna i tilsynet

Etter presentasjonen fekk politikarane kome til orde. Mange av dei, som Eva Ramstad i Venstre, uttrykte stor uro for at enkelte barn og unge i vanskelege situasjonar ikkje har fått hjelpa dei har trengt.

Rådmannen kalla dette eit naturleg spørsmål, men eitt rapporten ikkje seier noko om. Likevel kom han med følgjande erkjenning:

– Vår lesing er at funna indikerer at det er stor fare for at det er nokon ungar og familiar som ikkje har fått dei tenestene dei har krav på. Vi ønskjer å undersøke om den faren er reell, sa han under presentasjonen.

Barnevernet under strengt oppsyn

Sogn barnevern har vore gjennom ei rekkje tilsyn dei siste åra, både i regi av Fylkesmannen og av Arbeidstilsynet, i tillegg til fleire som gjeld handsaminga av enkeltsaker. Etter det siste tilsynet må kommunen lage ein forbetringsplan som skal vere ferdig innan 1. februar.

I tillegg har kommunestyret bestemt at Sogn barnevern neste år skal gjennomføre ein såkalla forvaltingsrevisjon, der drifta av tenesta skal under lupa. 

I går toppa altså Vibeke Johnsen og SV det heile med å varsle at dei vil be om ei ekstern vurdering av leiinga i barnevernet.

 – Vi ønskjer ein samla gjennomgang av leiinga på alle nivå og over litt tid. Det med utgangspunkt i at vi må forstå fortida for å gjere gode val i framtida, forklarer Johnsen.

Rådmannen seier han er opptatt av at alle spørsmål knytt til barnevernet blir belyste, men er usikker på om det er naudsynt med ei eiga ekstern vurdering av leiinga og leiingsstrukturane.

– Kommunestyret har gjort vedtak om å gjennomføre ein forvaltingsrevisjon av Sogn barnevern og den er per definisjon ekstern, seier han.

Til toppen