VIL HA FORTGANG: Sogndal SV og partileiar Oddbjørn Bukve vil ha fortgang i arbeidet med varslingssakene i Sogn barnevern.
VIL HA FORTGANG: Sogndal SV og partileiar Oddbjørn Bukve vil ha fortgang i arbeidet med varslingssakene i Sogn barnevern. (Montasje: arkiv)

SV ber om fortgang i handsaminga av varslingssakene

Krav frå enkelte av dei det har blitt varsla mot har skapt «uvanleg mykje ekstraarbeid», ifølgje statusrapport frå varslingssekretariatet.

Sogndal: SV i Sogndal ber om fortgang i arbeidet med varslingssakene i Sogn barnevern. Det skjer etter at setterådmann Knut Broberg i eit internt notat opplyser at handsaminga av varsla er ytterlegare forseinka, etter at fristen i desember vart skyvd to månader fram i tid. 

Eigentleg skulle den avsluttande rapporten ha vore ferdig ved årsskiftet.

Partileiar Oddbjørn Bukve understrekar at dette ikkje må tolkast som ein kritikk av verken setterådmannen eller varslingssekretariatet.

– Etter mitt syn legg dei fram på ein konkret og sakleg måte kva hindringar dei har støtt på i arbeidet. Eg tolkar det slik at ikkje alle innvendingane og hindringane har vore like relevante. Då kan det vera greitt at setterådmannen får eit tydeleg signal frå politikarane på at me ønskjer å få fortgang i arbeidet, seier Bukve.

Setterådmann Broberg vil ikkje kommentera saka før han har orientert formannskapet på torsdag.

Usedvanleg mykje ekstraarbeid

Dei siste intervjua i varslingssakene i Sogn barnevern skal vera ferdige i februar, skriv setterådmann Broberg i notatet til politikarane.

Bakgrunnen for notatet er at formannskapet torsdag skal ta stilling til varslingssekretariatet si godtgjersle, som vil bli høgare enn venta.

Advokatfirmaet Brækhus er engasjert som eksternt varslingssekretariat, og skal gjennomgå varsla og avklara om det har skjedd noko kritikkverdig. I ein statusrapport frå 23. januar skriv dei at «det på noverande tidspunkt heller ikkje er mogleg å estimera når oppdraget kan ferdigstillast».

Varslingssekretariatet skriv i statusrapporten at dei har hatt usedvanleg mykje ekstraarbeid i oppfølginga av dei omvarsla, meir enn det dei hadde venta.

– I tillegg har arbeidet vore vesentleg meir omfattande enn det varslingssekretariatet har erfart ved tilsvarande oppdrag, skriv dei i brevet signert advokat Ida Sandbakken.

Krav frå omvarsla skapar trøbbel

Årsaka til tidssprekken denne gong er mellom anna at det har teke tid å avklara detaljar kring retten dei det er varsla mot har til innsyn i sakene mot dei, og korleis innsynet og dei påfølgjande intervjua med dei skal leggast opp.

Èin av dei seks har sett fram ei rekkje krav til sakshandsaminga, og vedkomande har enno ikkje svara på om han eller ho er villig til å stilla til intervju med varslingssekretariatet.

– Dette har som konsekvens at saka trekkjer ut i tid, noko som er ei belastning for dei som har varsla, seier Bukve, som tykkjer det er urimeleg at varslarane har måtta setja liva sine på vent i over to år i påvente av ei avgjerd i saka.

Som tidlegare lova, vil handsaminga av det anonyme varselet mot fire politikarar i kommunestyret bli handtert fortare. Her ser setterådmannen føre seg at saka kan ligga på bordet til politikarane på førstkomande møte i kommunestyret 14. februar.

Til toppen