SPRÅKPOLITIKK: Vibeke Johnsen i Sosialistisk Venstreparti kallar det dårleg språkpolitikk frå Høgre som går inn for å fjerne sidemålskarakteren i ungdomsskulen og vidaregåande skule. Foto: Halvor Farsund Storvik.
SPRÅKPOLITIKK: Vibeke Johnsen i Sosialistisk Venstreparti kallar det dårleg språkpolitikk frå Høgre som går inn for å fjerne sidemålskarakteren i ungdomsskulen og vidaregåande skule. Foto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

SV: – Dårleg språkpolitikk frå Høgre

Vibeke Johnsen i Sosialistisk Venstreparti kallar det dårleg språkpolitikk frå Høgre som går inn for å fjerne sidemålskarakteren i ungdomsskulen og vidaregåande skule. 

Sogndal: – Dette er svært dårleg språkpolitikk. At ikkje alle elevar skal lære både nynorsk og bokmål vil slå svært uheldig ut for nynorsken, meiner Vibeke Johnsen, stortingskandidat for SV og leiar i Sogn og Fjordane SV.

I helga kom Sogn og Fjordane og Hordaland Høgre med forslag om å behalde sidemålskarakteren på Høgre sitt landsmøte, men fekk ikkje fleirtal.

– SV meiner tvert imot det er viktig å satse på gode språkstyrkingstiltak for nynorsken som kjem til nytte i Sogn og Fjordane og i resten av landet, seier ho.

– SV går til val på det beste partiprogrammet for nynorsken i landet. Me slår ring om språkmangfaldet og vil sikre reell likestilling mellom dei to målformene nynorsk og bokmål på alle samfunnsområde.

Nynorsk frå barnehage til arbeidsliv

Til helga er det SV sin tur til å ha landsmøte. Ifølgje Johnsen går partiet hennar inn for mange tiltak som skal styrke nynorsken i framlegget til arbeidsprogram. 

– Me går til val på at det skal vere lett for nynorskelevane å halde fram å skrive nynorsk i ungdomskulen, vidaregåande skule, universitetet og i arbeidslivet, legg ho til.

For å få til ein best mogleg overgang frå barnehage til skule, meiner SV at barn må få nynorsk språkstimulering i barnehagen. Difor vil dei sikre at førskuleutdanninga gir studentane god kompetanse i begge skriftspråka.

Vil endre lova

Partiet vil også endre opplæringslova sin paragraf 2-5 slik at også elevane på ungdomsskulen får rett på opplæring i hovudmålet og rett til å høyre til i eigen målformgruppe.

– Dessutan vil SV sikre at lærarutdanningane gjev tilstrekkeleg kompetanse til dei som skal undervise i nynorsk som hovudmål og sidemål og at norskopplæringa for vaksne innvandrarane skal skje på nynorsk i nynorskkommunar.

Til toppen