Vibeke Johnsen og Gaute Losnegård. Foto: SV.
meiningar
Vibeke Johnsen og Gaute Losnegård. Foto: SV.
meiningar

SV gjev full støtte til bøndene

MEINING: Norske bønder protesterer mot regjeringa sin manglande vilje til å komme dei i møte i jordbruksforhandlingane.

Denne opprørsviljen blant bøndene har vi sett ei stund, og blei utløyst av regjeringa si landbruksmelding som kom i vinter. Reaksjonane var sterke på regjeringa sitt framlegg om å avvikle avløysarordninga og fleire av marknadsordningane i landbruket. Dei er like sterke no på at regjeringa ikkje viser vilje til å følgje opp Stortinget si målsetjing om å redusere inntektsgapet mellom landbruket og andre yrkesgrupper.

SV vil gje full støtte til bøndene sin kamp for betre økonomiske vilkår. Vi ønskjer at landbruket framleis skal bidra til spreidd busetnad, og vi vil prioritere små og mellomstore bruk. Vi vil arbeide for eit sterkt grensevern, strengt vern av matjord og ein produksjon basert på lokale råvarer. Sjølvforsyningsgraden må auke!

SV har tatt til orde for at Stortinget må gje regjeringa beskjed. Partane må tilbake til forhandlingsbordet raskt. Inntektsgapet mellom bøndene og yrkesgruppene elles skal ned, og det skal reknast i kroner, og ikkje i prosent. Eit sterkt SV etter valet vil sikre ei skikkeleg satsing på landbruket, både små og store gardsbruk i heile landet.

Vibeke Johnsen og Gaute Losnegård
første- og andrekandidat for Sogn og Fjordane SV

Til toppen