BARNEHUS: Leiar i Sogn og Fjordane SV, Vibeke Johnsen, seier partiet hennar krev at det vert etablert eit barnehus i fylket. Foto: Halvor Farsund Storvik. 
BARNEHUS: Leiar i Sogn og Fjordane SV, Vibeke Johnsen, seier partiet hennar krev at det vert etablert eit barnehus i fylket. Foto: Halvor Farsund Storvik.  (Foto: Halvor Farsund Storvik)

SV krev å få etablert barnehus i fylket

Sogn og Fjordane SV vil sikre framtida til overgrepsmottaket i fylket og krev at eit barnehus vert etablert.

Sogndal: Denne helga hadde Sosialistisk Venstreparti årsmøte, der dei slo fast kva slags politikk SV skal gå til val på her i Sogn og Fjordane. Der var det to saker som utpeika seg.

– SV krev å få etablert eit barnehus i Sogn og Fjordane. Me meiner det er uheldig at overgrepsutsette må reise til Bergen eller Ålesund for å verte avhøyrde. Politiet i Sogn og Fjordane har folk med kompetanse til å gjennomføre slike avhøyr, men mangler eigna hus, går det fram av ei pressemelding.

– Borna som kanskje allereie er traumatisert får ei ekstra påkjenning ved å måtte reise så langt. I tillegg er det slik at dersom dei næraste omsorgspersonene er mistenkt, så er det tilsette i barnevernet som reiser med barnet. Det vil seie at barnet må reise i lag med framande vaksne.

Sikre overgrepsmottaket

Partiet skal også arbeide for å sikre overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane, som er lokalisert ved Førde Sentralsjukehus. I dag er det Helse Førde og Sunnfjord/Ytre Sogn Interkommunale legevakt som står for drifta.

– Sogn og Fjordane SV meiner at drifta av overgrepsmottaket er for usikkert når ein må vente på alle kommunestyrevedtaka i fylket før ein veit om ein har sikra drifta vidare. Sogn og Fjordane SV meiner at overgrepsmottaket må verte ein integrert del av helseføretaket.

Integrering ei viktig sak

På årsmøtet vart Vibeke Johnsen frå Sogndal attvald som leiar, medan Steinar Øydvin og Eldrid Skudal, begge frå Sogndal, vart attvalde som nestleiarar. 

– Det er me i SV som tek kampen for nynorsken og for ein skikkeleg distriktspolitikk, seier Vibeke Johnsen, leiar i Sogn og Fjordane SV, i pressemeldinga.

Leiaren retta også fokuset mot busetjing av flyktningar. 

– I 2016 var det første året då alle kommunar i fylket busette flyktningar, og mange SV-arar gjer ein viktig jobb i sine lokalsamfunn for god inkludering av asylsøkjarar og flyktningar. Dette er ei viktig sak for SV og ei viktig sak for fylket. Vår folketalsvekst skuldast i all hovudsak busetjing av flyktningar. Det er me som tek kampen for Sogn og Fjordane, seier Vibeke Johnsen, leiar og fyrstekandidat på stortingslista til Sogn og Fjordane SV.

Til toppen