SANKA STEMMER: Førre veka var blant anna fersk listetopp Jakob Andre Sandal (til venstre), tidlegare leiar i Årdal SV, Kirsti Eklund (nr. 2 frå høgre) og fylkesleiar i SV, Vibeke Johnsen, på plass i Årdal for å sikre stemmer til fylkestingvalet. SV har ikkje liste i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SANKA STEMMER: Førre veka var blant anna fersk listetopp Jakob Andre Sandal (til venstre), tidlegare leiar i Årdal SV, Kirsti Eklund (nr. 2 frå høgre) og fylkesleiar i SV, Vibeke Johnsen, på plass i Årdal for å sikre stemmer til fylkestingvalet. SV har ikkje liste i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– SV prøvde å stille liste i Årdal

Men mangel på listetoppar gjorde at det blei med forsøket.

Årdal: I år er det heile seks parti som stiller liste til kommunestyrevalet i Årdal. Sidan førre lokalval i 2011 har to nye parti i Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne meldt seg på.

Sosialistisk Venstreparti på si side har ikkje hatt lokallag sidan dei la ned i 2011. Kirsti Eklund, som har mange år i SV bak seg, fortel til Porten.no at også dei prøvde å stille liste i år, men måtte innsjå at det ikkje gjekk.

– Me la ned laget fordi me var gamle og trøytte. Me som var igjen har jobba i veldig mange år, og me har slete med fornying. Me prøvde å stille liste i år, å samla troppane, men me hadde ikkje nok, seier ho.

Årdal ein viktig kommune

Vibeke Johnsen, fylkesleiar i Sogn og Fjordane SV, seier det var ei utfordring for fylkeslaget å få til ei liste. Ho meiner det er synd at ein ikkje har liste i ein viktig kommune som Årdal.

Les også: To nye parti med listeframlegg i Årdal

– Av dei kommunane me ikkje har lokallag er Årdal ein av dei viktigaste. Det skjer spennande ting i Årdal, som er ein kommune der folk er opptekne av politikk. Sjølv om me synest me starta bra tidleg før fristen til å stilla liste gjekk ut, må me berre erkjenna at det tar tid å byggja opp att eit lokallag, men fylkeslaget kjem til å komma oftare til Årdal framover, lovar ho.

– Må ha lyst

Eklund seier dei til sjuande og sist var eit stykke unna å få til ei liste. Johnsen peikar på mangel på listetoppar som årsaka til at det ikkje gjekk.

– «Faren» med ei SV-liste var at ein kom inn i kommunestyret med to-tre personar, og då må du ha lyst. Då er det ikkje berre å stilla på topp. Me såg nokre døme på lister i fylket som måtte trekkast fordi det ikkje var hald i dei. 

– Hadde me fått ein klar listetopp og ein toar, trur eg me hadde fått nok folk med til å ha liste. Det er målet til neste val. 

Får høyra det

Førre veka var både fylkesleiaren og fersk listetopp Jakob Andre Sandal i Årdal for å sanke stemmer til fylkestingvalet. Her møtte dei altså blant anna Eklund, som fortel at ho får høyra det for at SV ikkje har liste.

Les også: Dette er toppkandidaten til Lærdal SV

– Folk lurer på kvifor i allverda SV ikkje stiller med liste og at me må koma på bana igjen, seier ho og legg til at ho synest det er positivt at veljarane i Årdal har fått fleire alternativ å røyste på.

– Det kan vera positivt at fleire parti kjem inn i politikken, at den blir meir spissa. Her tenkjer eg at SV kanskje har ei ny rolle å spela for seinare. Då blir politikken meir interessant også. 

Til kamp for den vidaregåande skulen

SV gjorde det bra bemerka då dei sat i kommunestyret i Årdal, og på spørsmål om kva som eventuelt blir ei viktig sak for partiet dersom dei får på plass eit lokallag att, er det spesielt den vidaregåande skulen som utmerkar seg.

Med dårleg fylkeskommunal økonomi kan det i framtida bli ein kamp om kva skular som skal bestå i fylket. 

– Den vidaregåande skulen er veldig viktig for årdalssamfunnet med alle industriplassane og med så gode sjansar for lærlingplass. Det må vera ein stor prioritet, som me i Årdal må pressa Jakob Andre til å fronte, seier Eklund. 

– Det er ein gjensidig avhengigheit til rekruttering. Det ser ein på barnehagesida. No flyttar dei ut fordi me ikkje har den linja lenger. Før var det ikkje noko problem, men no slit me fordi den linja ikkje er på skulen lenger, og slik kan det vera på andre område. 

Til toppen