Kjell Einar Barsnes.
Kjell Einar Barsnes. (Bilde: Privat)

MEININGAR: Stortingsvalet 2017

SV tek framtida og fellesskapen på alvor

Med miljø, skule og fordeling i høgsetet, stiller SV sterkast når det gjeld. No gjeld det å tenkje gjennom kva vi kan tru på, kva vi kan gripe. SV fører ein politikk eg kan forstå med klåre mål vi kan lite på, for ein sosial stat som inkluderar fleire.

Systemet fungerer best for dei på toppen. Er du fødd av velståande og velutdanna foreldre er det sannsynleg at du klarer deg betre enn gjennomsnittet. Sosial arv er eit reelt fenomen i Noreg. Det vart 5000 fleire fattige born i Noreg i 2015. “Kven er du?” spør du meg, og meiner gjerne kven er eg son til? Alle har vi potensial som kan definerast av andre element enn foreldra våre. Eg er stolt av foreldra mine og slekta mi, men eg ønskjer ikkje at det skal definere identiteten min.

Vi må dele for å skape ei god framtid. Utjamning og velferd skaper tryggleik og gjev fridom for fleire. Høvet til å klare deg sjølv, får du først gjennom andre sin innsats. Vi treng å sjå lenger enn vår eigen nase, lenger enn vårt eige nes, ja større enn vårt land òg, vil eg hevde.

Automatisering, digitalisering og globalisering fører til polarisering mellom dei særs suksessfulle og rike på toppen, og ei mykje større gruppe som vil tene dei rike klassane gjennom arbeid, som robotar ikkje kan erstatte, skriv Branco Milanovic, 2016. SV vil ta vare på teknologisk kompetanse for å sikre sysselsetting og variert næringsstruktur. Blant dei ti prosentane med høgast inntekt er det ingen observerbare karakteristikkar (utdanning, erfaring) som kan forklare kvifor lønningane mel- lom den øvste prosenten og dei resterande ni prosentane er skilte med ein faktor på ti eller meir (Piketty 2014). Å sjå rettferda i desse faktiske forholda er vanskeleg. Det er arbeid vi lever av, og vi lever i stor grad av andre sitt arbeid (fritt etter Erik Brofoss, 1946). Store skilnader har lita meining, og kan gje grobotn for misnøye og uro. Ein studie av Gudrun Østby viser at sosial ulikskap mellom grupper (tilgang til utdanning og helsetenester) i endå større grad kan føre til konfliktar. Det er særskilt når ulikskap kjem saman med skilnader i etnisitet, religion og regionar, risikoen for kon- fliktar aukar.

Om du ikkje har noko å leve av, vert det vanskeleg å finne noko å leve for òg. Det kan verte ein vond sirkel. Dei som har minst, treng meir for å hjelpe seg sjølve til eit betre liv. Deltaking i ulike yrker vi kan meistre, er gunstig for både trivsel og produktivitet. Lik tilgang til god utdanning uavhengig av foreldra sin økonomi, er eit steg mot eit føreseieleg samfunn. Ved å utveksle tankar, idear og ressursar gjer vi samfunnet varmare.

Auka barnetrygd og barnetillegg for uføretrygda er gode tiltak på kort sikt. Å gje høve til å utvikle eigen kunnskap og dugleik er dessutan nødvendig og framtidsretta. Sjølv om ikkje alle av oss kan bli “stjerner,” har vi alle eit glimt i auget, og vi kan bli den beste versjonen av oss sjølve. Då ein slektning skulle forrette i ei gravferd, sa eg til presten at den daude var ein kar med glimt i auget. Han smilte tilbake: “Alle har glimt i auget.” Det vekka ei kjensle i meg, om at rettferd finn vi først når vi ser etter glimta i augene til kvarandre.

Kjell Einar Barsnes

Til toppen