MÅ AVLYSE MESSE: Aurlandsmessa som skulle finna stad i mars, er no avlyst. Det tykkjer næringssjef Inge Håkon Aarskog er leit. Foto: Aurland kommune.
MÅ AVLYSE MESSE: Aurlandsmessa som skulle finna stad i mars, er no avlyst. Det tykkjer næringssjef Inge Håkon Aarskog er leit. Foto: Aurland kommune.

Svært få påmelde til Aurlandsmessa – vert avlyst

– Det er jo leit, seier næringssjefen i kommunen. 

Aurland: Aurlandsmessa skulle vere eit høve for bedriftene i kommunen til å vise fram moglegheiter innan arbeid, bustad og etablering, men no er messa avlyst på grunn av låg påmelding.

– Av dei siste tala eg såg var det under ti bedrifter som var påmeld, og då blir det for tynt, seier Inge Håvard Aarskog, som er næringssjef i kommunen. 

Han tykkjer det er leit at dei ikkje klarar å gjennomføre messa som skulle finne stad i mars. 

– Tilbakemeldingane frå ein del av publikum var at dette var noko dei såg fram til, så det er jo leit, seier han.

– Eit høve for bedriftene

Messa var eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen og Aurland Sparebank. Og tanken var altså å syne fram moglegheitene innanfor ulike område. 

Eg vurderte dette som eit høve og eit tilbod for bedriftene, og så er det jo opp til dei om dei vil nytte seg av det. Me er glad for dei verksemdene som synte interesse, men diverre kan me ikkje gjennomføre det sidan det ikkje er tilstrekkeleg med så få påmelde.

Til toppen