NØGD: Ordførar Jan Geir Solheim ser endeleg ut til å kunne nå målet om å unngå import av stein til Lærdal. Arkivfoto
NØGD: Ordførar Jan Geir Solheim ser endeleg ut til å kunne nå målet om å unngå import av stein til Lærdal. Arkivfoto

Svært glad for at Lærdal får nok stein

Ordføraren var svært begeistra over å få vedta noko som gjer at behovet for mangelvara stein i Lærdal etter alt å døma no blir dekt

Lærdal: - Eg hadde eit mål om at me ikkje skulle importera meir stein til Lærdal då eg vart ordførar, og etter fem år er me framleis ikkje komne der. Så dette er ein gledas dag, sa Jan Geir Solheim til formannskapet.

Det er Voll Lunde Maskin AS i samarbeid med grunneigar Endre Offerdal som skal ta ut steinmassar på Muggeteigen i Bermålsviki.

- Tenk å gjera business og arbeidsplassar ut av noko så enkelt som stein

Etter ein lang prosess kom endeleg detaljreguleringsplan opp til vedtak i formannskapet torsdag, før den skal til endeleg vedtak i kommunestyret 9. februar.

- Tenk å gjera business og arbeidsplassar ut av noko så enkelt som stein, sa Solheim før rådmannen sitt framlegg vart banka gjennom samrøystes, utan innvendingar. Framlegget gjekk ut på å vedta planen, med nokre endringar.

Kommunen har fått meir kapasitet på planarbeidet, så dette var formannskapet for reguleringsplanar.

Les også: Ueinige om fire etasjar er greitt eller ikkje

I tillegg til steinuttak på Muggeteigen, vedtok formannskapet fleire bustadrelaterte plansaker, mellom anna ny oppstart for reguleringsplan fotr utviding av Saltkjelen bustadfelt og reguleringsendring av planen for Ofta aust så denne kan leggjast ut på høyring.

Til toppen