SEKS DAGAR: Eitt av dei siste laga under Frende cup i Aurland då det største idrettsarrangementet i kommunen si historie gjekk mot slutten laurdag.
SEKS DAGAR: Eitt av dei siste laga under Frende cup i Aurland då det største idrettsarrangementet i kommunen si historie gjekk mot slutten laurdag. (Bilde: )

Svært nøgd etter å ha arrangert det største idrettsarrangementet i Aurland noko sinne

Til og med vinden spelte på lag så resultata vart uhyre gode under Frende cup i helga.

Aurland/Sogndal/Luster: - Når me sa ja til dette var me innstilte på at me skulle gjera ei så god førebuing som mogleg og at dette vart ein test for kva me står for som arrangørar. Dette inneber litt meir enn å arrangera eit normalt stemne. Og me har hatt seks skytedagar utan problem, alt har gått på skinner og tilbakemeldingane frå deltakarane har vore gode.

Det fortel leiar i Aurland skyttarlag, Magne Forberg.

Bana på Låvi har vore ein av tre arenaer for 2. runde av Frende cup (tidlegare noregscupen) i baneskyting. Også i Sogndal og på Hafslo har det vore stemner, og medan kring 930 skyttarar har vitja Aurland denne veka, har over 1200 vore i sving med børsa i Sogndal.

Les også: Duka for tidenes største skyttarstemne i Sogn

Artikkelen held fram under biletet

SVÆRT NØGD: Magne Forberg, leiar i Aurland skyttarlag
SVÆRT NØGD: Magne Forberg, leiar i Aurland skyttarlag Foto: Ole Ramshus Sælthun

Fem skyttarar med 349 poeng

- For Aurland sitt vedkomande er dette det største idrettsarrangementet i kommunen si historie. De er tredje gong me har ein av rundane i denne cupen, men det har ikkje vore så mange deltakarar før. Og det har vore ein fryd å vera her, så ein stor takk til alle dei som har hjelpt oss.

- Vêret har også vore heilt fantastisk; vimplane har hange rett ned nesten kvar dag. Me har ein her som har vore på bana kvar onsdag sidan midten av april, og det har ikkje vore vindstille ein einaste dag, så sler det til på denne måten ei heil veke. Det er viktig, for det gir like tilhøve for alle.

Den medgjerlege vinden har nok også bidrege til særs gode resultat. Skyttarane som konkurrerer i Klasse 3-5, som er dei beste klassane, pluss Veteran55, skyt i tre rundar. Den eine består av fem skot kvar i ståande, kneståande og liggjande posisjon, maksimalt 150 poeng.

- Og det var heile 15 skyttarar som fekk 150 poeng, fortel Forberg.

I tillegg er det ein runde med ti skot liggjande og ein runde med tre skot kvar i ståande og kneståande pluss fire skot liggjande. Såleis kan ein få maksimalt 350 poeng i eitt stemne.

- Me har tre som har klart 349 poeng, så ingen har klart å setja det heilt perfekt saman.

Dei tre som klarte 349 poeng i Aurland var Odd Martin Nythe frå Frogn og Drøbak, Ole Kristian Bryhn frå Røyken og Hurum og Anette Thingbø frå Time. I Sogndal kom ingen opp i 349 poeng, men på Hafslo skaut både Hans Kristian Wear frå Styrvoll og Katrine Annestad Lund frå Jondalen nest høgste poengssum som er mogleg å oppnå.

Artikkelen held fram under biletet

GODE RESULTAT: Fem skyttarar har skote 349 poeng på dei tre stemna i Aurland, Sogndal og Hafslo, tre av dei særs gode prestasjonane fann stad her på bana på Låvi.
GODE RESULTAT: Fem skyttarar har skote 349 poeng på dei tre stemna i Aurland, Sogndal og Hafslo, tre av dei særs gode prestasjonane fann stad her på bana på Låvi. Foto:  Ole Ramshus Sælthun

- Skyttarane vil tilbake dit dei skyt godt

Dei gode resultata i Aurland kan også ha litt å gjera med at 200-metersbana eigentleg er 191 meter.

- Det er godt innanfor krava og fører nok til at ein del skot heng i streken så dei akkurat går inn eitt poeng over kva dei ville ha gjort på ei veldig lang bane. Og skyting er mykje psykologi der ein gjerne vil tilbake dit ein skyt godt. Så det hjelp oss litt her, seier Forberg.

Før siste runde av Frende cup er det Thingbø som leiar med 1740 poeng, Wear og Bryhn ligg på delt 3. plass med 1737 poeng. Peter Sørli frå Søgne ligg på 2. plass med 1738 poeng.

Forberg håpar det blir fleire rundar av Frende cup/noregscupen i Aurland att, men landsskyttarstemnet - det heilt store på skyttarfronten - kjem neppe hit, forklarar han.

- Det er eit arrangement som realistisk sett ikkje kan koma hit når me har arenaene i Voss, Bergen og Førde ganske nært. Me satsar først og fremst på Vestlandsstemnet og landsdelskretsstemner.

Til toppen