KRITISK OG UTÅLMODIG: Leiar i helse- og omsorgsgruppa i Sogn Regionråd, Jan Geir Solheim, fryktar brannmannskap som akutthjelparar kan bli erstatning for helsepersonell når Helse Førde samstundes varslar omorganisering innan prehospitale tenester. Han skjønar heller ikkje kvifor det skal ta så lang tid å få på plass MR-maskina ved Lærdal sjukehus. Arkivfoto
KRITISK OG UTÅLMODIG: Leiar i helse- og omsorgsgruppa i Sogn Regionråd, Jan Geir Solheim, fryktar brannmannskap som akutthjelparar kan bli erstatning for helsepersonell når Helse Førde samstundes varslar omorganisering innan prehospitale tenester. Han skjønar heller ikkje kvifor det skal ta så lang tid å få på plass MR-maskina ved Lærdal sjukehus. Arkivfoto

Svært skeptisk til at brannmannskap skal bli «akutthjelparar»

Leiar i helse- og omsorgsgruppa i Sogn regionråd, Jan Geir Solheim er redd ordninga med «akutthjelparar» kan gjera det enklare for helseføretaket å byggja ned ambulansetilbodet i grisgrendte strok.  

Sogn: – Det er svært bekymringsfullt viss ein skal vri slik beredskap over på kommunane. Spesielt ille kan det bli for oss på landet med kronglete geografi. Å ha brannvesen som opplærde akutthjelparar er ikkje like sikkert som nærleik til ambulanse og akuttberedskap, seier Solheim.

Han er leiar i helse- og omsorgsgruppa i Sogn regionråd, og orienterte kort for kommunestyret i Lærdal om fleire saker gruppa har gåande med Helse Førde.

Mellom anna ordninga med «akutthjelparar». Denne er det Stiftinga Norsk Luftambulanse som står bak, og den fungerer slik at lokale akutteam – hovudsakleg beståande av brannmannskap – i kommunar over heile landet gjennom kurset «Mens Du Venter På Ambulansen» (MDVPA) får opplæring i grunnleggjande og avansert førstehjelp. Teama skal lærast opp i å ta vare på pasienten fram til medisinsk hjelp når frem.

«Denne beredskapen er ment som et supplement til de eksisterende nødetatene i kommunene, ikke en erstatning», står det på Stiftinga Norsk Luftambulanse.

Fryktar erstatning i staden for tillegg

Men fordi Helse Førde samstundes har varsla overfor regionrådet at dei ønskjer å drøfta med kommunane korleis ein kan «tenkja nytt»  i høve kva oppgåver og funksjonar ambulansane bør og kan ha i framtida, er bekymringa til Solheim at å ta i bruk ei slik ordning gjer det enklare å leggja ned ambulansestasjonar.

Altså at «akutthjelparane» kan koma til å bli ei erstatning.

– Eg ser det heilt klart slik, ja; som eit ledd i å sentralisera prehospitale tenester. At ein innfører noko nytt som kan erstatta det som forsvinn.

Solheim fortel helse- og omsorgsgruppa og regionrådet ikkje har fått andre signal enn at Helse Førde-styret skal sjå på organiseringa av prehospitale tenester, som innbefattar ambulansetilbodet, men at han er bekymra for kva som kan liggja i dette.

Les også: Skal ta ny runde om ambulansetenesta

– Bakgrunnen var at me i eit møte i januar tok opp fleire saker med Helse Førde, mellom anna korleis det ligg an med MR-maskina på Lærdal sjukehus og me ville sjekka kor vidt helseføretaket ser på ambulansestasjonane i Sogn. Aurland og Balestrand har ikkje ambulansestasjonar lenger, og dei ønskjer å få stasjonane tilbake – så no ville me vera føre-var. 

– Då kom plutseleg dette med akutthjelparar opp, og me spissa øyrene og byrja å lura på kva konsekvensar det kan få for oss, seier Solheim.

Bekymra for rekrutteringa til brannvesenet

Bekymringa hans går også på kor vidt ei slik ordning kan gjera det meir utfordrande å rekruttera brannmannskap.

– Brannvesenet består i stor grad av friviljuge. Skal brannmannskap opptre som helsepersonell også er eigentleg det einaste dei ikkje har med seg på oppdrag ein pistol. Det meiner eg er heilt forferdeleg; ein skal ikkje leggja så stort ansvar på ein etat med så stor grad av frivilligheit. 

Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, fortel det ikkje er snakk om å innføra «akutthjelparar» som erstatning for ambulansestasjonar.

– Akutthjelparane er ei ordning som eit supplement til eksisterande akutte helsetenester. I mange kommunar og brannvesen har ein allereie i mange år hatt slik beredskap gjennom prosjektet «tidleg hjertestart». Eg kjenner ikkje til nokon kommunar som etter dette har gått bort frå ordninga.

– Ligg langt etter med akutthjelparar i Sogn og Fjordane

I kva grad kommune ønskjer denne ordninga, er opp til dei sjølve. I delavtalane mellom kommunane og Helse Førde for område akuttmedisinske tenester skal kommunane risikovurdere og bedøma behovet for akutthjelparordningar.

– I både forskrift og NOU’en «Først og fremst» er slike ordningar helsa velkomen som eit supplement til både lokal kommunal helseberedskap og spesialisthelsetenesta sin lokale beredskap – ambulansetenesta. 25 prosent av brannmannskapa i landet er akutthjelparar, og her ligg me etter i Sogn og Fjordane. Kurs og utstyr er noko kommunane får gratis, seier Sægrov.

Han fortel vidare at det ikkje ligg føre planar om å ta vekk ambulansestasjonar i Sogn.

– Styret har bede administrerande direktør leggje fram ei sak med framlegg til prosess for heile det prehospitale område i Helse Førde, tilpassa den økonomisk ramma. I dette ligg mellom anna å sikra brei informasjon og deltaking frå kommunane i dette arbeidet. Det har vore gjort m.a. i HAFS-kommunane (Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund, journ. anm.) og ein fekk gode tilbakemeldingar på slik involvering.

Utålmodig med å få på plass MR-maskina

Når det gjeld MR-maskina er Solheim kritisk til at denne ikkje skal stå klar før i september 2018.

– Det er eigentleg heilt uforståedleg. Dei har opsjon på ei MR-maskin til etter at dei kjøpte ei i Førde ikkje lang tid tilbake. Det er berre snakk om ein prosess for å vurdera om ein skal byggja på eller byggja om på Lærdal sjukehus. Og dette har føretaket kompetanse på ettersom tilpassing nyleg er gjort for MR-maskina i Førde. Så eg skjønar ikkje kvifor det skal ta så lang tid.

Utgangspunktet var at MR-maskina skulle stå klar til årsskiftet, men dette er utsett til september 2018.

Les også: Har nådd målet om MR-maskin

Klinikkdirektør Børge Tvedt i Helse Førde seier Sogn Regionråd har vore godt orienterte om og oppdaterte på framdriftsplanen og vurderingane som ligg til grunn for denne.

– Eg har stor forståing for at ein i Sogn er utålmodige med å få MR-maskina på plass; dei har gjort ein kjempejobb med å samla inn pengar til denne. Men framdriftsplanen er ikkje mogleg å forsera så mykje i høve dei prosessane me må gjennom. 

Til toppen