SVAK AUKE: I Sogn og Fjordane er det 8,2 % av befolkninga i aldersgruppa 18-67 år som tek imot uføretrygd. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
SVAK AUKE: I Sogn og Fjordane er det 8,2 % av befolkninga i aldersgruppa 18-67 år som tek imot uføretrygd. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

Svak auke i talet på uføretrygda i Sogn og Fjordane

Ved utgangen av juni var det 5 530 personar i Sogn og Fjordane som tok i mot uføretrygd. Dette er 35 fleire enn i juni i fjor og svarar til ein auke på 0,6 prosent. På landsnivå er det ein auke på 4 083 personar, tilsvarande 1,3 prosent.

– Endringar i trygdeordningane er noko av årsakene til auken i talet på uføretrygda dei siste åra. Dette gjeld særleg avviklinga av tidsavgrensa uførestønad og innføringa av arbeidsavklaringspengar (AAP) i 2010, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

 Uendra prosentdel uføre i befolkninga

I Sogn og Fjordane er det 8,2 prosent av befolkninga i aldersgruppa 18-67 år som tek imot uføretrygd, det same som i juni i fjor. På landsnivå har prosentdelen uføre auka frå 9,5 til 9,6 prosent.

– Dette er svært positive tal med den næringsstrukturen og alderssamansetninga som vi har i Sogn og Fjordane. Dersom fylket hadde same alderssamansetning som landet, ville prosentdelen uføretrygda berre vore 7,7 prosent og mellom dei lågaste i landet, seier Thorsnes.

 Auke blant yngre

 Samanlikna med juni 2015, er det størst auke i talet på uføretrygda i aldersgruppa 30-39 år (+4,6 prosent). Aldersgruppa 18-29 år har ein auke på 3,2 prosent. I aldersgruppa over 60-64 år er det ein reduksjon i talet på uføretrygda.

– Dei siste åra har det vore ein tendens til at talet på uføre under 55 år aukar, mens det blir færre uføre over 55 år. Når det gjeld dei under 30 år, er det ofte snakk om svært alvorlege diagnosar. Medisinske framsteg som gjer at fleire med alvorlege diagnosar overlever, forklarar mykje av auken, seier Thorsnes.

Éin av tre nye med gradert uføretrygd

I Sogn og Fjordane var det per juni 2017 22 prosent av dei uføretrygda som hadde ein gradert trygd, mot 23 prosent same månad året før. På landsnivå hadde 17 prosent gradert uføretrygd, det same som i juni 2016.

Av dei nye mottakarane av uføretrygd første halvår i år, hadde 31 prosent ein gradert uføretrygd. Dette er det same som same periode i fjor. På landsnivå er prosentdelen uendra på 25 prosent.

– Det er positivt at så mange som ein av tre nye mottakarar i vårt fylke har ein gradert uføretrygd. Det betyr at mange får moglegheit til å delta i arbeidslivet til tross for helseproblem, seier Thorsnes.

Til toppen