LYSPUNKT: Ifølgje mai-utgåva av Næringsbarometeret er ei svak krone med å skapa positive forventningar for reiseliv og næringsliv. Arkivfoto
LYSPUNKT: Ifølgje mai-utgåva av Næringsbarometeret er ei svak krone med å skapa positive forventningar for reiseliv og næringsliv. Arkivfoto

Svak krone gir optimisme for eksport og reiseliv

Reiselivsnæringa i fylket ser lyst på sommarsesongen og ventar omsetnaden skal auke kraftig. Med ein svakare kronekurs blir også ferien i Noreg billigare.

Siste utgåve av Næringsbarometeret vart presentert på Næringsdagane i Førde onsdag 20. mai. Lyspunkta for mai-utgåva av barometeret er at låg kronekurs kan gi ein opptur for eksport og reiseliv i Sogn og Fjordane. 

Både for reiseliv, varehandel og privat tenesteyting i fylket er prega av aukande forventningar for 2015. Det er i tråd med det siste forventningsbarometeret frå Finans Norge og TNS Gallup, som syner at nordmenns forventningar til eigen økonomi framleis ligg på eit høgt nivå, skriv Næringsbarometeret i Sogn og Fjordane i ei pressemelding. 

Mest positivt for reiseliv og eksport

Det mest positive i barometeret er utviklinga i reiselivet. Før årets sommarsesong er næringa prega av optimisme, der forventningane stig kraftig frå i fjor. Særleg omsetnaden er også venta å auke kraftig. Ei viktig rolle spelar nok ein svakare kronekurs som gjer Noregsferien billigare.

26 prosent av reiselivsverksemdene ventar framleis at låg kronekurs vil påverke lønsemda positivt. For det store fleirtalet, 68 prosent, vil kronekursen likevel ha lite å seie for lønsemda.

Den låge kronekursen bidreg også til optimisme i dei mest eksportretta verksemdene. Over halvparten av desse, som har meir enn 25 prosent av omsetnaden knytt til eksport, ventar at den svake krona bidreg til auka lønsemd. Likevel trur færre på auka lønsemd innan industri, transport, engros og finansiell- og foretningsmessis tenesteyting.

Merkar oljeavhengigheita

Fallande oljeprisar, lågare aktivitetsnivå og svakare vekst har vore eit tema i det siste halvåret. Det er heller ikkje overraskande at Sogn og Fjordane blir påvirka.

Sjølv om fylket er langt mindre oljeavhengig enn nabofylka langs kysten, gir nedgangen i oljesektoren direkte og indirekte ringverknader også for Sogn og Fjordane. Dei som blir mest påverka er industrien og typiske leverandørnæringar. Ytre Sunnfjord og Ytre Sogn er områda der nedgangen er synleg, i tillegg til å vera dei områda med sterkast negativt utslag på barometeret.  ​

Likevel er tilstaden ikkje heilsvart og truleg kortvarig. SSB ventar at veksten alt i 2016 vil vera attende på same nivå som før oljeprisfallet i 2014, så er veksten venta å stige.

Så langt i år er det også små endringar på arbeidsmarknaden i fylket, då oljeretta verksemder i liten grad er råka slik som i nabofylka. I slutten av april var 1251 personar i Sogn og Fjordane, som utgjer 2,2 prosent av arbeidsstyrken, heilt utan arbeid. Det er ei auke på fire prosent frå april 2013, sjølv om fylket framleis har den lågaste arbeidsløysa i landet. 

Les også: Inga oljearbeidsløyse

Ei viktig funn i undersøkinga til Næringsbarometeret er at delen bedrifter som korkje ventar oppgang eller nedgang aukar. Fleire ventar stabilitet, til dømes ventar kring 75 prosent av bedriftene at investeringane vert på nivå med fjoråret.

Då Næringsbarometeret la fram januar-utgåva var status og framtidsutsiktene for viktige næringar på Vestlanden i 2015 alt anna enn positive. 

Les også: Forventningane til næringslivet er rekordlåge

Forventningane til næringslivet er rekordlåge

Til toppen