STANDPUNKT: Einar Rysjedal (R) gjer greie for standpunktet til Raudt i NorthConnect-saka i innlegget.
STANDPUNKT: Einar Rysjedal (R) gjer greie for standpunktet til Raudt i NorthConnect-saka i innlegget. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

MEININGAR

Svar til Ingrid Heggø: NorthConnect-pausen

– Den store forskjellen på AP og Raudt, var at Raudt foreslo at Stortinget skulle stanse bygginga av NorthConnect. AP, derimot, opprettheldt avtalen med partia i den mørkeblå regjeringa (+ MDG!) om å utsetje avgjerda, skriv Einar Rysjedal (R) i innlegget.

Meiningar: Ingrid Heggø (AP) prøver i Porten.no 8. mai å skape inntrykk av at AP har stoppa krafteksport-kabelen NorthConnect. Sidan ho, etter seiande er mot krafteksport, vil eg for hennar del håpe at det er sant. Det vil tida vise.

Den store forskjellen på AP og Raudt, var at Raudt foreslo at Stortinget skulle stanse bygginga av NorthConnect. AP, derimot, opprettheldt avtalen med partia i den mørkeblå regjeringa (+ MDG!) om å utsetje avgjerda. Utsetjing til dess ein får meir erfaringar? 

Raudt stemte for endring av energilova slik at staten har monopol på utanlands-sambindingane. Intervjuet med Heggø kan få lesarane til å tru at eigarskapen er likegyldig for Raudt. Det er det på ingen måte – trass i at vi ser at profittmotivet er omtrent like framheva av lønsadelen i offentleg eigde kraftselskap som i private.

Stortingsvedtaket betyr at ein komande energiminister, anten vedkomande kjem frå Høgre eller AP (Espen Barth Eide?), kan ta kabelsaka opp på nytt og syte for at det blir gitt konsesjon. Stortinget har berre vedteke ein pause. 

Dersom Raudt & co sitt forslag om å stanse NorthConnect hadde blitt vedteke av Stortinget, hadde det ikkje blitt fullt så lett for ein komande energiminister med krafteksport-ambisjonar.  

Den som følgjer med, vil sjå.

Til toppen