(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)

Sveen måtte ut på båre med brot i leggen

Ole Amund Sveen var maks uheldig då han sende Sogndal i føringa mot Stabæk.

Sogndal: Det var Ole Amund Sveen sin sesongdebut. Fjorårets toppscorar har slitt med skadar i oppkøyringa og sat på benken i tapet mot Sarpsborg i seriepremieren.

Kampen mot Stabæk var ikkje meir enn 20 minutt gamal då Sveen kom åleine mot keeper Sayouba Mandé. Sveen kom akkurat først på ballen og fekk pirka han over streken.

Då han landa, var han så uheldig å få heile kroppsvekta til ein rusande Mandè over leggen. Bileta etter hendinga var mildt sagt ekle å sjå på. Sveen måtte ut på båre og i pausen vart det stadfesta at det er snakk om eit brot i leggen. 

Artikkelen held fram under biletet.

HER SKJER DET: Målscorar Sveen og keeper Mandè brakar i hop. I pausen vart det stadfesta at kollisjonen resulterte i at Sveen braut leggen.
HER SKJER DET: Målscorar Sveen og keeper Mandè brakar i hop. I pausen vart det stadfesta at kollisjonen resulterte i at Sveen braut leggen.

– Alle var nok litt preget av beinbrotet. Me får håpa at det går bra med Ole Amund og at me får ta tre poeng for han, seier Eirik Bakke til Eurosport i pausen.

Sogndal vann til slutt 4-1. 

Til toppen