SÅ NÆRE: Ole Amund Sveen skyt i stolpen frå fire meter i første omgang. Slike sjansar må sitte skal Sogndal ta tre poeng i eliteserien, noko spissen veit så inderleg godt sjølv.
SÅ NÆRE: Ole Amund Sveen skyt i stolpen frå fire meter i første omgang. Slike sjansar må sitte skal Sogndal ta tre poeng i eliteserien, noko spissen veit så inderleg godt sjølv.

Sveen: – Min skyld at vi ikkje vinn

Ole Amund Sveen var langt nede etter mot uavgjort mot Start. For andre heimekamp på rad stod stolpen i vegen for den hardtarbeidande spissen.

Sogndal-Start: 2-2

Situasjonen oppstod tjuefem minutt ut i kampen. Sogndal rulla fint opp på venstrekanten. Ein av Sogndal sine beste denne kvelden, venstreback Jukka Raitala, sendte ballen inn i feltet mot bakarste stolpe. Der stod Ole Amund Sveen på fire meter og ope mål.

– Innlegget er kjempebra, men ballen sprett rett framfor meg. Så sleivar eg den i stolpen. Det er sjølvsagt ikkje godt nok, eg skal sette den, seier Sveen.

Trivst i spissrolla

Det vil vere strengt å kalle situasjonen direkte avgjerande, for åtte minutt ut i andre omgang gjekk Sogndal opp til 2-0 då Psyche sette pannebrasken til. Samstundes var Sveen ikkje den einaste i svart og kvitt som brende store sjansar denne kvelden.

Otoo og Bolseth hadde dei to største, også dei etter etter eit Raitala-raid og påfølgjande lissepasning. Likevel kjenner Sveen seg som ein av syndebukkane etter at Start greidde å snu kampen.

– Det er min skyld at vi ikkje vinn i dag, men eg føler vi burde ha greidd det uansett. Det er frykteleg surt, spesielt når vi leiar 2-0 og har alt i vårt spor. Vi er solide og plutseleg så berre raknar det. Det er skuffande, seier Sveen.

Han vart kjøpt som midtbanemann, men har vorte spiss for eit lag som prioriterer løpskraft på topp. 

– Det passar meg veldig bra. Det var vel ikkje det eg forventa når eg kom hit, men det er veldig gøy, seier Sveen.

Greier ikkje avgjere kampane

Poengdelinga mot Start var femte gong Sogndal spelte uavgjort denne sesongen. I fleire av kampane har Sogndal vore det kvassaste laget, utan å greie å vippe resultatet i eigen favør. Sjølv om det ikkje var eit direkte ran med uavgjort, er det den kjensla Sveen sit att med også etter Start-kampen.

– Det er litt synd, for vi kunne fort ha vore høgt oppe på tabellen om vi hadde sett sjansane våre, seier han.

– Korleis skal de greie å snu det, slik at de greier å avgjere kampane?

– Godt spørsmål... Det blir å sette dei sjansane eg har, for eksempel. Men i dag er det litt anleis, i dag scorar vi to mål og bør greie å kontrollere det inn, seier Sveen.

Til toppen