STYGG SKADE: Ole Amund Sveen braut begge leggbeina då han kolliderte med Stabæk-keeperen onsdag. Natt til torsdag gjennomgjekk han ein vellykka operasjon. Foto: Halvor Farsund Storvik.
STYGG SKADE: Ole Amund Sveen braut begge leggbeina då han kolliderte med Stabæk-keeperen onsdag. Natt til torsdag gjennomgjekk han ein vellykka operasjon. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Sveen vart operert i natt – kan miste resten av sesongen

Sogndal-spelar Ole Amund Sveen braut begge leggbeina då han scora Sogndal sitt første mot Stabæk onsdag. Sjå kva Eirik Bakke seier om skaden.

Sogndal: Etter ein vellykka operasjon på Førde sentralsjukehus i natt ventar no mange tøffe veker på sidelinja. Kanskje ryk heile sesongen før han i det heile tatt har starta.

– Eg har snakka med han, og han har det bra, seier Sogndals klubblege Anders Rosø til Porten.no.

Sjå kva Eirik Bakke seier om skaden i videovindauget nedst i artikkelen.

Han fortel at operasjonen var vellykka, og at ein no berre må ta tida til hjelp og vente på at det gror før ein startar rehabilitering.

Artikkelen held fram under biletet.

FOTEN ER AV: Her ser ein tydeleg av biletet at foten er av etter duellen med keeperen.
FOTEN ER AV: Her ser ein tydeleg av biletet at foten er av etter duellen med keeperen.

– Fotball ligg nok ei stund fram i tid. Han kan nok starte med lett trening i sommar med basseng og den type ting. No må han berre kvile og late det gro seg til.

– Gjer vondt, men ikkje farleg

Sveen starta sin første kamp for sesongen, men var maks uheldig då han etter 20 minutt spel kolliderte med Stabæk-keeper Sayouba Mandé. Sveen fekk vekta til keeperen over foten og vart liggjande med store smerter.

Kollisjonen resulterte riktig nok i at Sogndal tok leiinga, men både spelarar og publikum skjønte raskt at noko var gale. 27-åringen forlot bana på båre, og ikkje lenge etter kom stadfestinga om at leggbeina var knekt.

– Når du får ei brot i beinet, gjer det frykteleg vondt, men var ikkje noko farleg. Det blei handtert veldig greitt, og dei medisinske ressursane med ambulanse var på staden og fekk tatt hand på skaden raskt, seier klubblegen.

– Me tenkte at når han ofra seg såpass og truleg har brote leggen, så måtte me andre sørga for å gje han tre poeng. Alle stod opp og kriga og kjempa for å få ein god siger. Og den var for Ole Amund, sa kaptein Henrik Furebotn etter kampen.

Til toppen