– STORSLAGENT: Svein Fretland (74) skildrar møtet med kong Harald og dronning Sonja som storslagent. Foto: Privat.
– STORSLAGENT: Svein Fretland (74) skildrar møtet med kong Harald og dronning Sonja som storslagent. Foto: Privat.

Svein (74) fekk helsa på kongen

For andre året på rad inviterer kongeparet til teselskap på Slottet for å heidra innsatsen til aktive eldre over heile landet. I år fekk Svein Fretland frå Årdal helsa på kongen. 

Svein Fretland (74) visste ikkje om det. Den 5. september dumpa det eit brev ned i postkassa hans. I brevet stod det at han var invitert på «Afternoon Tea» på Slottet.

Der skulle han og 69 andre ildsjeler i Noreg få helsa på kong Harald og dronning Sonja. Dessutan var prinsesse Astrid, fru Ferner, tilstades. Tysdag denne veka var Fretland på Slottet for første gong i sitt liv.

– Eg blei jo heilt vill då eg fekk brevet, men eg hadde ikkje kjensla av eg var den rette mannen som er innkalla. Eg sa det til dei næraste fordi eg ville ikkje ut i avisa, seier han audmjukt til Porten.no. 

Den turglade mannen har inga aning om kven som har sendt inn søknad om at han skulle få vera med. Det er likevel ingen tvil om kvifor han blei invitert.

Fretland har bidrege enormt i turmiljøet i Årdal i mange år. Han har rydda stiar, hengt opp postkasser, er ein pådrivar i gålaget og har også ein aktiv fot innanfor mosjonsskulen, den einaste mosjonsskulen som framleis held stand i fylket. Neste år har den 25-årsjubileum.

«Turgeneralen»

74-åringen, som for lenge sidan fekk tilnamnet «Turgeneralen», har saman med andre lagt ned hundrevis av dugnadstimar på turmiljøet i kommunen. Då skulle det nesten berre mangla at Generalen fekk treffa Kongen.

– Eg kan ikkje seia anna enn at sommarfuglane var veldig sterke. Eg var nervøs, skikkeleg og det. Eg hadde det ikkje godt med meg sjølv då, ler han. 

Etter at ytterkleda var hengt opp, fekk gjengen med ildsjeler omsyning på Slottet. Blant anna var dei inne i øvre vestibyle, som er rommet innanfor slottsbalkongen, der kongefamilien står og vinkar til barnetoget kvar 17. mai.

– Og så geleida dei oss inn i eit rom, og der skulle me venta til kongefamilien var klar, held Fretland fram med å fortelja.

– Storslagent

Ein etter ein vart dei ropt opp, og ein etter ein fekk dei inn og handhelsa på kongen og dronninga. Og så var det årdølen sin tur.

– Berre det var voldsomt sterkt. Du kjenner deg liten når du er på Slottet, noko så til dei grader. Det var storslagent!

– Kva sa du til kong Harald?

– Han helste og sa velkommen, og eg sa vel takk. Eg veit ikkje. Eg var så betutta, seier han.

KLAR: Her er Fretland utanfor Slottet, klar for å treffa kongen.
KLAR: Her er Fretland utanfor Slottet, klar for å treffa kongen.

Traff på kjentfolk

Deretter bar det inn store festsal på såkalla «Afternoon Tea».

– Me fekk utdelt lappar på kor me skulle sitja, og ho som delte dei ut hadde budd hundre meter frå meg i Øvre og er dottera til Johnny Torvund. Eg roa meg litt ned når eg fekk snakka med folk frå bygda, held han fram. 

For det er tydeleg at Fretland er ein mann av bygda.

– Og så var det mat. Eller mat og mat. Me fekk nokre skjever med laks og smørost og noko konfekt-greier, og ikkje minst champagne.

Viktig å kjenna seg verdsatt

Men før dei fekk byrja og eta, heldt kongen tale og ønskte alle velkomne. 

– Afternoon Tea er ein gamal, engelsk skikk som bestemora mi, dronning Maud, tok med seg hit til Slottet. Då står sandwichar, scones og te på menyen, sa konge Harald då han ønska gjengen velkomen, skriv Det norske kongehus.

– Livet består av mange ulike fasar som byr på sine eigne gleder og utfordringar. Eg trur me alle har behov for å oppleva at det er bruk for oss og våre ressursar uansett kor i livet me er, held kongen fram.

Takksam

Ein stor ressurs er det heilt klart at Fretland er, og sjølv om han endå ikkje veit kven som har sendt inn søknaden om at han burde få vera med, vil han veldig gjerne takka.

– Eg må berre få takka for at eg fekk lov til å vera med på noko så stort. Uansett om ein tenkjer at eg ikkje er rett mann, så har du ei kjensle av samfunnet ser det ein gjer, og tilbakemeldingane har vore veldig positive. Så det er ei viss kjensle av at det kanskje var fortent likevel. 

Dersom du veit kven som har sendt inn søknad, gje beskjed, slik at Fretland får takka vedkommande. 

Viss du ønskjer å gratulera han, treff du han heilt sikkert på ein tursti i nærleiken.

Til toppen