FAST TILSETT: Svein Olav Haugen og Per Odd Grevsnes.
FAST TILSETT: Svein Olav Haugen og Per Odd Grevsnes. (Foto: Privat)

Svein Olav Haugen er tilsett i Sogndal Skisenter: – Eg gler meg til å bruka all mi tid på dette 

Det fortel Haugen sjølv til Porten.no. 

Sogndal: Sogndal skisenter er i vekst og utvidar staben med ei ny 100% stilling. 

– Svein Olav Haugen skal jobbe med marknad og arrangement. Frå før har me 2,5 faste årsverk i verksemda.  Det er derfor eit stort løft for oss når me no utvidar staben med endå ei fast stilling, seier dagleg leiar, Per Odd Grevsnes, i ei pressemelding. 

Haugen kjem frå Sogndal Fotball der han har jobba med marknad og arrangement i ei årrekke. 

– Eg har jo vore utleigd frå Sogndal Fotball til Hodlekve i eit par periodar tidlegare, og vore med på eit prosjekt, så dette er ikkje heilt ukjent, seier Haugen til Porten.no. 

Han fortel at det er ingen dramatikk bak jobbskiftet, og at han gler seg til alt jobben har å by på. 

– Det var greitt at eg trekte meg ut av Sogndal Fotball no når eg hadde moglegheiten. Å representera Hodlekve er ikkje negativt sånn det ser ut no, og eg ser definitivt fram til å bruka all mi tid på dette. 

Tett samarbeid med regionalt næringsliv

– Sogndal Skisenter skal bli eit av fyrtårna i Sogn og me skal utvikle tilboda både sommar og vinter. Skal me få dette til må me samarbeide tett med regionalt næringsliv og dei frivillige i ulike lag og organisasjonar.

– Få kjenner næringslivet i regionen betre enn Haugen, me er difor glade for å få med oss Svein Olav på laget, seier Grevsnes, i pressemeldinga.

– Dei periodane eg har jobba med Hodlekve har eg følt at næringslivet har vore positive, så eg er spent på kva dette kan bety for bygda vår, held Haugen fram til Porten.no. 

Han fortel at det er mykje spanande som no vil skje i Hodlekve.

– Hodlekve er ikkje berre ski og vinter lenger, og eg gler meg til kvar dag framover. 

Til toppen