FERDIG: IL Jotun har bestemt seg for ikkje å nytte seg av opsjonen på eitt år til med Jotun/ÅTIL-trenar Olafur Sveinsson. Difor ligg det an til at dette blir hans siste sesong. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
FERDIG: IL Jotun har bestemt seg for ikkje å nytte seg av opsjonen på eitt år til med Jotun/ÅTIL-trenar Olafur Sveinsson. Difor ligg det an til at dette blir hans siste sesong. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Sveinsson ferdig etter sesongen

Olafur Sveinsson er ferdig som Jotun/ÅTIL-trenar etter sesongslutt. 

Årdal: Det stadfestar IL Jotun som har tilsett trenaren. Den pågåande kontrakten til islendingen var på to år med opsjon på eitt år til. 

I ein kort kommentar til Porten.no seier nyvalt leiar i idrettslaget, Arnt Moen, at dei har bestemt seg for ikkje å benytte seg av opsjonen på eitt år.

– Olafur har ein tidsgrensa kontrakt som går ut 1. mai i år. Kontrakten har eit punkt om opsjon på eit ekstra år, men den ønskjer ikkje Jotun å nytta seg av. Difor anser me kontrakten for å vera avslutta sådan, seier han.

– Det er opp til nytt styre i handballen å leggje trenarkabalen for neste år. Det arbeidet er ikkje starta enno. Her vil Olafur sjølvsagt verta vurdert på lik linje med andre kanidatar. Ut frå økonomiske omsyn vil det ikkje bli engasjert trenar på same nivå som tidlegare, legg han til. 

Sveinsson kom tilbake til handballen i Årdal i 2012 etter å ha forlete bygda under turbulente tilhøve i 2007. I 2012 blei det nedrykk på Jotun-damene frå 1. divisjon.

Sidan då har det gått gradvis nedover, og etter ein tøff sesong i fjor med internt bråk midtvegs i sesongen, måtte laget ta den tunge turen ned i 3. divisjon. Denne sesongen har laget berre vunne éin kamp og tapt resten. Jotun/ÅTIL styrer difor mot 4. divisjon til hausten. 

Islendingen vil ikkje kommentere saka til Porten.no.

Til toppen