FORVENTNINGSFULL: Olafur Sveinsson forventar siger mot NHHI etter stortapet for Førde førre helg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FORVENTNINGSFULL: Olafur Sveinsson forventar siger mot NHHI etter stortapet for Førde førre helg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Sveinsson forventar ny siger mot NHHI

Jotun fekk bank mot Førde sist, og vil ta revansje mot NHHI.

Søndag spelar Jotun sitt damelag i andre divisjon sin ellevte kamp. Kampen står mellom Jotun og studentlaget NHHI, og Jotun-trenar Olli Sveinsson har klare forventningar til kampen. 

Førre gong Jotun møtte handballaget til Noregs Handelshøgskule si idrettsforeining knuste dei grønkledde studentane med 22 mål, og Sveinsson seier til Porten.no at han ikkje ser vekk frå at det same kan skje igjen.

– Kampen mot studentlaget skal vere overkommeleg. Me vann mykje over dei sist, og det kan me klare ein gong til.

Ikkje gitt opp håpet om tabelltopp

Statistisk sett burde det ikkje vere eit problem for Jotun-damene å slå NHHI. Medan Jotun ligg på ein god femteplass under Kjøkkelvik, ligg NHHI nedst på tabellen og i fare for å rykke ned til tredjedivisjon.

Førre helg tapte Jotun stort på bortebane mot Førde, og Sveinsson uttala då at laget måtte samle seg psykisk dersom dei skulle henge med i toppen av tabellen, noko Jotun-trenaren framleis har trua på at laget kan klare.

Ventar framleis

Dei to montenegrinske spelarane Marija Mudronja og Sladjana Perazic ventar framleis på opphaldsløyve slik at dei kan ikle seg dei grøne draktene.

idan i sommar har dei to jentene ho venta på opphalds- og arbeidsløyve slik at dei kan jobba i Årdal og spela handball for Jotun.

Dei har tidlegare fått avslått arbeidsløyve, men det vil verte fatta ei ny avgjerd om dette innan 22. november. Fram til dette trenar dei to montenegrinske jentene fast med Jotun.

Du kan følgje kampen mellom Jotun og NHHI direkte her på Porten.no frå 16.00. Klikk på play-ikonet i videoen øvst i artikkelen.

Kommentator er Kent Fimreite.

Til toppen