HELD FRAM: Olafur Sveinsson held fram som trenar for Jotun/Årdalstangen likevel. Det stadfestar leiar i IL Jotun, Arnt Stølen Moen.
HELD FRAM: Olafur Sveinsson held fram som trenar for Jotun/Årdalstangen likevel. Det stadfestar leiar i IL Jotun, Arnt Stølen Moen.

Sveinsson held fram som trenar likevel

Det stadfestar klubben til Porten.no. 

Årdal: Olafur Sveinsson var eigentleg ferdig som trenar etter førre sesong då laget rykte ned frå 3. divisjon til 4. divisjon, men no er det stadfesta at han held fram likevel.

– Han skal trena laget. «Olli» hadde ein kontrakt på to år med opsjon på eitt år til, og det er den opsjonen som me no går vidare med, seier leiar i IL Jotun Arnt Stølen Moen. 

Tilbake i mars var beskjeden den motsette. Då ville ikkje klubben ha ein trenar engasjert på same måten av økonomiske omsyn. No skal Sveinsson stå på sidelinja neste sesong likevel.

– Det er absolutt ingenting å seie akkurat no. Det er for mykje som er uklart, så det er ikkje vits å uttale seg på verken ein positiv eller negativ måte. Det er ein jobb som må gjerast, og så får me sjå kva klubben kan ruste opp med, seier trenaren sjølv. 

Framleis på jakt etter leiar

Laget har slete både på og utanfor bana dei siste par sesongane. Seinast for ti dagar sidan gjekk nokre av spelarane ut i media og var kritiske til at brikkene ikkje var kome på plass med halvannan månad att til seriestart.

– Har de fått på plass leiar og nestleiar i handballen?

– Nei, me har nok ikkje det. Me jobbar framleis med leiar og nestleiar, og det arbeidet pågår. Det er vanskeleg. Det er mange som er opptekne med andre verv allereie, men me kan ikkje gi opp, svarar Moen.

Seriestart for handballdamene er 11. september. Då møter dei Sogndal. 

Til toppen