IKKJE NØGD: Jotun hadde ei solid leiing på Os, men vann til slutt med berre tre mål. Det er ikkje Olafur Sveinsson nøgd med. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
IKKJE NØGD: Jotun hadde ei solid leiing på Os, men vann til slutt med berre tre mål. Det er ikkje Olafur Sveinsson nøgd med. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Sveinsson ikkje nøgd trass sesongens første siger

Søndag ettermiddag sikra Jotun sesongens første siger då Os gjesta Årdalshallen, men mangel på konsentrasjon holdt på å bli kostbart.

Jotun hadde tilsynelatande god kontroll på Os i sesongens tredje kamp søndag ettermiddag. Med ti minuttar igjen hadde heimelaget ei solid leiing på gjestane.

Men Os, som i likheit med Jotun også jakta sesongens første topoengar, hadde ingen planar om å gje seg utan kamp. Damene i grønt heldt likevel unna og vann til slutt 25-22.

– Me gjer det bra dei fyste 40 minuttane, men etter det manglar me både konsentrasjon og energi. Den største utfordringa vår er kanskje det at me trenar lite saman, då mange på laget jobbar skift eller har andre ting å prioritere. 

Artikkelen held fram under biletet.

KONSENTRASJON: Ramona Szabo (biletet) meiner Jotun mangla energi og konsentrasjon dei siste 20 minuttane av kampen mot Os.
KONSENTRASJON: Ramona Szabo (biletet) meiner Jotun mangla energi og konsentrasjon dei siste 20 minuttane av kampen mot Os.

– Men det vert nok betre, det har eg stor tru på, fortel vertanes toppscorar Ramona Szabo til Porten.no etter kampen.

Spanande avslutning

Jotun tok ei knapp leiing tidleg i fyste omgang og haldt denne fram til pause. Etter 30 spanande minuttar sto det 14-11 til heimelaget.?

Då andre omgang tok til, trappa Jotun opp spelet, og ti minuttar ut i andre omgang hadde dei auka til ei sjumålsleiing. Godt offensivt lagspel, samt eit strålande keeperspel frå Jotun-keeper Zsofia Sekely, gjorde sitt til at heimelaget i ein periode herja med motstandarane. 

Men laget frå Bergen nekta å gi opp kampen. Trass i godt spel nådde Os likevel aldri heilt opp, og kampen enda 25-22 til heimelaget. 

Sveinsson ikkje nøgd

Til tider synte Jotun mykje godt spel, Jotun-trenar Olafur Sveinsson var likevel ikkje heilt nøgd.

– Me hadde bra stigning dei fyste 40 minuttane, men minuttane etter det tykkjer eg ikkje noko om. I dag var spelet til tider urutinerte og dårleg, og eg er langt frå nøgd spelemessig. Dersom motstandarane hadde vore litt betre, hadde me truleg tapt kampen, seier han til Porten.no.

Artikkelen held fram under biletet.

SOLID LEIING: Jotun leia solid over Os, men vann til slutt med berre tre mål.
SOLID LEIING: Jotun leia solid over Os, men vann til slutt med berre tre mål.

– Det seier seg sjølv at me har mykje å jobbe med fram mot neste kamp. Noko av problemet er å få samle jentene, me har jo fleire som jobbar skift. Difor er me særs avhengige av tidlegare spelarar som Camilla Nundal og Jannicke Øyre Nundal, som har vore sentrale i tidlegare sigrar og treningsarbeid, held han fram.

Comeback-jenta Camilla Nundal fortel til Porten.no at ho ikkje er heilt ferdig med handball enda og mest truleg kjem til å vere med på dei fleste kampane til Jotun også denne sesongen.

Til toppen