VIL MERKA DET: Olafur Sveinsson seier Jotun vil merka at Marija Mudronja og Sladjana Perazic ikkje vil vera tilstades lenger. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
VIL MERKA DET: Olafur Sveinsson seier Jotun vil merka at Marija Mudronja og Sladjana Perazic ikkje vil vera tilstades lenger. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Sveinsson: – Me mistar to svært fine personar

Jotun-trenar Olafur Sveinsson meiner prosessen med å henta Marija Mudronja og Sladjana Perazic har vore verdt det trass i at dei aldri fekk ikle seg den grøne drakta.

Måndag fekk Marija Mudronja (31) og Sladjana Perazic (19) beskjeden dei hadde frykta.

Same kveld måtte dei forlate Årdal med nattbussen til Gardermoen før det bar vidare tilbake til Montenegro tre månadar etter at dei reiste frå heimlandet for å bli Jotun-spelarar og jobba i Noreg.

To gonger har dei fått avslag på søknaden om opphald- og arbeidsløyve i Noreg frå Utlendingsdirektoratet (UDI). Etter det første avslaget hyra Jotun inn advokat Louis Anda, men utfallet av anken vart det same.

No ligg skjebnen til dei to montenegrinske spelarane i hendene på Utlendingsnemna (UNE), som i laupet av dei tre til fire neste månadene skal behandle søknaden deira.

I laupet av dei tre månadane Mudronja og Perazic har tilbragt i Årdal har dei aldri fått drege på seg den grøne Jotun-drakta, men har likevel bidrege mykje.

Verdt det

Difor meiner Sveinsson det har vore verdt det.

– Det er faktisk av stor verdi for Jotun å profilera seg på den måten me gjer no ved å visa at me tek vare på folk og menneske framfor andre ting. Det gir signal ut i omverda om kva klubben står for, seier han til Porten.no.

– Ein kan setja seg i deira posisjon og spørja kven som ikkje vil bli behandla på ein verdig måte. Jo, alle, og det er akkurat det me har gjort. Eg synest det er vel verdt det.

Vil merka det

Islendingen seier dei to vil etterlate seg eit stort hol i Jotun.

– Det er to fine personar som står for alt det ein ønskjer seg i eit menneske. Dei har respekt høfligheit, riktig tilnærming til arbeidsoppgaver, lag og personar, og er behjelpelig overfor spelarane og meg. 

– Det vil merkast. Det er ikkje berre på trening det vil merkast, og spelarane vil kjenna at det manglar to sterke og rutinerte spelarar. Eg skulle ønska at dei kunne ha vore her sjølv om dei ikkje fekk løyve til å spela, seier han og legg til at dei vil halde kontakten så ofte som det let seg gjera framover.

Diskiminering

Sveinsson stiller spørsmål rundt praktiseringa av dette systemet.

– Kva er ulikskapen på menneskeverdi i elite- og 1. divisjon kontra dei lågare divisjonane? Det ser ut til at dei som spelar på høgare nivå er meir verdt som menneske enn dei på eit lågare nivå. I mi verd hadde det blitt kalla diskiminering, men eg veit ikkje nøyaktig kva reglar som gjeld.

Det har blitt gjort fleire forsøk med å leggja til rette for at Mudronja og Perazic skal få bli. Blant anna har det blitt tilbudt proffkontrakt, men i Noreg er dette berre gjeldande i dei to øvste divisjonane.

Vil at alle skal behandlast likt

Eit argument var dermed at sidan desse spelarane skulle bidra til at Jotun kom seg opp i 1. divisjon, så burde dei få løyve til å bli i landet. 

– Burde det vera ei gråsone her som tillet at spelarar i deira situasjon får bli?

– Eg synest ikkje det. Det burde vera slik at anten er ting tillate generelt over heile rekka eller ikkje i det heile. Det burde ikkje vera forskjellar slik systemet er satt opp no, svarar Sveinsson.

– Slik det er no, er det antatt at det er ein spesialkompetanse å spela i toppen, men ikkje å lågare divisjonar. Viss ein spelar då rykkar ned frå 1. divisjon, mistar han den spesialkompetansen, men det er ikkje meg bekjent at ein slik spelar har blitt sendt ut av Noreg fordiom, legg han til.

Spelarar ønskte dei ikkje med vidare

Jotun har verkeleg stått på for at spelarane skulle få bli i Noreg, men Sveinsson kan fortelja at ikkje alle var like hjelpsomme.

– No er det slik at ikkje alle tenker likt. Det var eit par profilar i våre eigne rekker som ikkje ønska dei med vidare. Det får dei personane stå for sjølve, men det er ikkje noko eg vil stilla meg bak.

– Årsaka var at dei ikkje var speleklare og ikkje fekk opphalds- og arbeidsløyve, så det vil seia utolmodigheit blant nokre av spelarane. Men dette handlar også om økonomi. Skal ein skaffa seg ein klassespelar, må ein ut med rundt 3000 Euro (om lag 25 000 kroner) i månaden.

– Desse to er så langt vekke frå dei tala at blir heilt fjernt å snakka om. Det har aldri vore aktuelt for Jotun.

Til toppen