FORVENTAR SIGER: Jotun-trenar Olafur Sveinsson forventar nok ein siger når Jotun møter Bjørnar laurdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FORVENTAR SIGER: Jotun-trenar Olafur Sveinsson forventar nok ein siger når Jotun møter Bjørnar laurdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Sveinsson: – Me reiser for å vinna

Jotun-trenaren forventar ein ny siger når Jotun besøker Bjørnar laurdag ettermiddag.

Jotun-damene tok ein enkel siger heime mot NHHI førre helg, ein kamp Sveinsson hadde venta seg å vinna. Det gjer islendingen også denne helga når Bjørnar er motstand.

– Eg forventar sjølvsagt siger. Me reiser for å vinna. Viss me skal henga med, må me prestera opp mot det maksimale for å vinna, seier han til Porten.no før kampen.

Etter ein periode med tre heimekampar, ventar no fire bortekampar på rad. Allereie neste helg står ligaleiar Førde, som ligg fire poeng føre Jotun, for tur.

Ingen bortekamp-kompleks

Ein siger vil difor ha mykje å seia denne helga, men det faktum at damene no skal spela fire bortekampar på rad, trur ikkje han har noko å seia.

– Det har i grunnen vore positivt for oss å få dei heimekampane no i starten, så det har absolutt vore til hjelp. Det har ikkje vore noko heime/borte-kompleks i Jotun-laget på lenge, så eg synest ikkje det bør vera tema, svarar han.

Ein kamp av gongen

Jotun-trenaren fortel at dei slit med nokre småskadar, som han meiner er normalt når ein trenar hardt og yter maks. No vil han berre fokusera på Bjørnar-kampen og ikkje sjå fram til Førde.

– Førde-kampane blir alltid mykje prestisje og rival-stemning, noko som sjølvsagt er bra, men først og fremst må ein ikkje sjå så langt fram at ein ramlar på den vesle steinen som ligg rett føre føtene dine. 

Til toppen