SPELTE GODT: Jotundamene spelte godt i kveld, men måtte likevel sjå seg slått av topplaget frå Førde. Foto: Fredrik Strømsnes
SPELTE GODT: Jotundamene spelte godt i kveld, men måtte likevel sjå seg slått av topplaget frå Førde. Foto: Fredrik Strømsnes

Sveinsson nøgd trass stortap

Sjølv om Jotun tapte stort mot topplaget Førde i kveld, meiner Olafur Sveinsson at laget syner god utvikling.
 

Jotun 18 - 36 Førde 

Førre gong Jotun var i aksjon gjekk dei på sitt sjuande strake tap i seriespelet då dei rauk mot Voss.

Den 18 dagar lange spelefrie perioden for jentene har gjort dei godt, då dei i kveld presterte betre enn dei har gjort på lenge. Sveinsson meiner at dette burde vere ein tankevekkjar.

- Laget spelte betre i dag enn dei har gjort på lenge. Spelarane hang med i nesten 40 minutt og synte veldig god utvikling. I kveld spelte laget betre enn forventa, og mange spelarar skal ha ros for utvilinga dei syner.

Pangstart
Kampen var ikkje meir enn 20 sekundar gamal før dei kvitkledde opna kampen. Like etter sette dei inn kampens andre mål, og kampen om dei to poenga var offisielt i gang.

Heimelaget opna også friskt, og det tok ikkje lang før dei svarde og sette inn to raske mål. Røft angrepsspel frå Jotundamene gjorde at topplaget fekk større motstand enn forventa.

Etter sju spelte minuttar sette Marianne Hestetun inn eit viktig mål for heimelaget frå straffemerket, trass i at laget var i mindretal på bana. Etter ti spelte minuttar sto det likt mellom laga, og gjestane gira opp spelet sitt.

Nådde ikkje opp
Sjølv om bortelaget var klare førehandsfavorittar imponerte Jotun dei fyste 30 minuttane, og fulgte tabelleiarane tett. Dei slapp ikkje heilt til og etter 13 spelte minuttar var ikkje målskilnaden større enn to mål.

Då dei fyste 15 var unnagjort synte Heida Arsenault kva ho er god for, og sette inn eit vakkert mål frå kanten.

Sakte, men sikkert,  sette dei kvitkledde opp tempoet, og det var vanskeleg for heimelaget å halde følgje med det høge tempoet. Då dommaren blåste av til pause sto det 10 - 16 til bortelaget.

Førde rykka frå
Då spelarane på nytt entra parketten etter kvilen  var det to særs jamne lag som synte fram det dei kan. Heile fem minuttar skulle spelast før Førde sette inn omgangens fyste mål og sette inn støtet.

Etter ti spelte minuttar var stillinga 20 - 12 i favør av bortelaget, som med høgt tempo og godt angrepsspel synte fram kvifor nettopp dei er med å kjempe i toppen av 2.divisjon.

To minuttar seinare sette Heida Arsenault inn sitt åttande mål for kvelden, men det hjalp lite då bortelaget avslutta dei fleste angrepa sine målgjevande skot.

Førde vart for sterke
Med ti minuttar att å spele var kampen allereie avgjort. Bortelaget hadde ei 30 - 15 leiing og heimelaget sleit med slurvete pasningsspel og eit lågare tempo enn motstandarane.

Med tre minuttar igjen av kampen sto det 34 - 17 til bortelaget, sjølv om båe Marianne Hestetun og Heida Arsenault reduserte med fleire mål kvar.

Då dommaren blåste av kampen og spelarane gjekk av parketten synte poengtavla 18 - 36 i favør av bortelaget.

Usikker framtid
Etter kveldens tap er Jotun no nærare eit nedrykk enn dei har vore på lenge. Dei neste kampane vert difor særs spanande.

Dei tre komande kampane for Jotundamene står mot Kjøkkelvik, Stryn og Os, som er dei tre laga Jotundamene knivar mot om å unngå nedrykk. Den fyste kampen går av stabelen allereie fyrstkomande sundag, då Jotun gjestar Kjøkkelvik i Bergen.

- No er målet å halde fram den gode utviklinga som me synte i kveld. Me kjem til å stille med eit litt sterkare lag på søndag då me truleg får med oss fleire spelarar som me kan spele på, fortel Olafur Sveinsson.

Topp mot botn
Før kveldens kamp Sveinsson meinte at det var Førde som hadde presset på seg før kveldens kamp.

– Dei kan ikkje snubla nokon plass. Sett ut frå dei resultata me har hatt det siste halvåret, så bør ikkje me vera noko hinder for Førde, men det er slike kampar som blir farlege, åtvarar islendingen, som seier han ikkje budsjetterer med tap, uttala han til porten.no tidlegare i veka.

Dei to poenga det vart spelt om var minst like viktige for Førde som ligg på ein andreplass i avdelinga og kjempar om ein plass i 1. divisjon, som for dei nedrykkstrua årdølene. Førdianarane svikta ikkje under press, og dei grønkledde vart lett match for topplaget. Jotun er med dette eit steg nærare eit nedrykk til 3.divisjon.

Jotun stilte med følgjande lag:
Henriette Forthun, Lene Kvam Høsøien, Nina Jevnaker, Guro Undi, Heida Arsenault, Lene Stavenjord, Marianne Hestetun, Ida Jevnaker, Linn Løvdahl og Karoline Furebotn.

 

Til toppen