KLARE FORVENTNINGAR: Olafur Sveinsson har klare forventningar til spelarane sine mot NHHI, og det er siger. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KLARE FORVENTNINGAR: Olafur Sveinsson har klare forventningar til spelarane sine mot NHHI, og det er siger. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Sveinsson: – Skal bli siger mot NHHI

Laurdag blir perioden med tre heimekampar på rad for Jotun avslutta mot NHHI – eit lag Olafur Sveinsson meiner grøntrøyene burde slå

– Ja, i utgangspunktet er dette eit studentlag som ikkje trenar så mykje målt opp mot eit lag som trenar fem-seks gonger i veka og tar det seriøst, så det skal bli siger, seier han til Porten.no.

Det vart ulideleg spennande mot Stord førre helg, der det til slutt endte med poengdeling då utlikningsmålet kom berre sekundar før slutt.

Forbetringspotensiale

Sveinsson reknar ikkje med å ha like stor hjartebank i laupet av kampen laurdag, men meiner laget framleis har forbetringspotensiale.

– Eg forventar betring på dei tinga me har jobba med i det siste. Me har faktisk forbetringspotensiale i forsvarsarbeidet og i ankomst og kontra. Der har me ikkje scora nok. 

– Angrep i etablert har me prestert ganske greitt, men først og fremst betring i forsvar og auka farten framover, seier Jotun-trenaren.

Det blei ein skikkeleg tøff kamp mot Stord førre helg, der Sveinsson ikkje gjorde eit einaste bytte heile kampen, men det kan tenkast at det blir fleire sjansar på dei yngste på laurdag.

– Det er alltid sjanse for at dei får prøva seg i kvar kamp. Det vil alltid variera frå kamp til kamp. I den kampen var det ingen, så kan det muligens bli bytte i neste, seier han.

Spekulasjonar

Ein ting som iallfall er sikkert at dei to montenegrinske spelarane ikkje spelar. Etter møtet med Stord uttalte sportsleg leiar Torstein Kvam at han trur Jotun ville hatt full pott så langt med dei på laget.

– Personleg synest eg det berre er spekulasjonar, seier Sveinsson.

– Det er klart det hadde gjeve oss meir tyngde i laget og at laget hadde blitt sterkare, men det er heilt umogleg å setja fram slike påstandar. Med dei på laget kunne me kanskje ha vore eit hakkverre. Det er eigentleg ikkje noko å tenkja på.

Må prestera like bra heime som borte

Møtet med NHHI er den tredje og siste heimekampen på rad. Deretter ventar tre bortekampar. Jotun-trenaren ser viktigheita av siger på heimebane, men forventar det same uansett kor laget spelar.

– Det er viktig å ta poeng på heimebana og visa at ein står sterkt, noko me for så vidt har gjort. Me starta svakt, men det ser ut til at laget blir betre og betre i kvar kamp. 

– Eg unngår tankar om me spelar heime eller borte. Me skal prestera like godt heime som borte, seier han.

Håpar på bra oppmøte

Elles kan islendingen rapportera om eit par småskadar på enkelte spelarar, men ikkje noko alvorleg. No håpar han at folk møter opp og støttar laget slik dei har gjort så langt denne sesongen.

– Det skal nevnast at publikum har vore positivt og at det har vore bra oppmøte. Det har jo vore spennande kampar, og det er absolutt noko å få med seg. Det er ikkje alltid ein vinne, men det er jo difor me driv me dette; å skapa spenning.

Til toppen