STEIKJE GOE: For mange er svela fast følgessvein over fjorden. Kvar dag går det med hundrevis av liter med røre på steiketakkene på Fjord1-ferjene.
STEIKJE GOE: For mange er svela fast følgessvein over fjorden. Kvar dag går det med hundrevis av liter med røre på steiketakkene på Fjord1-ferjene. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Sveler er millionbutikk på ferjene

Ferjeselskapet Fjord1 sel 800.000 sveler i året. Det gir store inntekter.

NPK: Leiar for Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre fekk ein kikk på kjøkenet då han tok ferja i Fitjar i tilknyting til valkampturneen på Vestlandet.

Der fekk han sjå korleis ferjemannskapet lagar varemerke nummer éin – svele.

– På heile flåten går det rundt 800.000 sveler i året. Det er 22 av båtane som har kiosk, fortel salsleiar Bente Espelid Sørensen.

Med ein pris på 30 kroner per svele kan det gi ei omsetning på opp mot 24 millionar kroner i året.

Ein skulle kanskje tru at svelene blir laga på eit industrielt storkjøkken. Men slik er det ikkje. Røra blir laga om bord og svelene blir steikt på ei stor steikjetakke bak kiosken. Der steiker ein frå tidleg morgon. 

Støre sa ikkje nei takk til ei smaksprøve. Han fekk ei svele med smør og brunost på.

 

Til toppen