NY UTSJÅNAD: Forgjengaren, Volvo V70, var omtrent lik i ein mannsalder. V90 tek eit langt steg vekk frå den, særleg synleg med den skrå bakluka. (FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema / NPK)
NY UTSJÅNAD: Forgjengaren, Volvo V70, var omtrent lik i ein mannsalder. V90 tek eit langt steg vekk frå den, særleg synleg med den skrå bakluka. (FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema / NPK)

Svensk klassereise

Volvos nye V90 er langt meir raffinert enn forgjengaren V70.

Dei kinesiske eigarane av Volvo har verkeleg fått fart på det svenske bilmerket. Etter ein del litt stusslege år under Ford, har Geely sidan 2010 putta inn pengar i utvikling, og no kjem resultata på samleband.

Det starta i fjor med XC90 og fortset no med V90 og S90. Dei tek over etter V70 og S80, der stasjonsvogna V90 er særleg interessant for den norske marknaden. Forgjengaren har vore svært populær i den norske marknaden, og ein skal ikkje stå mange sekund i eit vegkryss før det passerer ein V70.

V90 er ein heilt ny bil, frå grunnen av. Og den har ikkje så mange likskapstrekk med modellen den erstattar. Sjølve forma er langt meir elegant. Den gjer også eit klart brot med ein innarbeidt Volvo-detalj. Sidan 1960-talet, og 145-modellen, har bakenden vore loddrett, på V90 skrår denne og gir bilen ei langt meir sportsleg framtoning.

Silhuetten til V90 minner meir om ein annan klassikar frå Volvo, nemleg 1800ES, «stasjonsvogn-utgåva» av P1800, som blei laga på byrjinga av 1970-talet. Den finst det dessverre ikkje mange igjen av i dag.

Artikkelen held fram under biletet

ELEGANT: Interiøret er stroke. Her har rett nok dashbordet gått i svart, men det blei ordna med ein omstart av bilen, gjort av fagfolk. Moderne bilar blir ikkje fiksa med ein skiftenøkkel.
ELEGANT: Interiøret er stroke. Her har rett nok dashbordet gått i svart, men det blei ordna med ein omstart av bilen, gjort av fagfolk. Moderne bilar blir ikkje fiksa med ein skiftenøkkel.

Lange linjer

Forma til V90 er godt hjelpt av at det er ein stor bil, der linjene blir lange og fine. Den har vakse med over 10 centimeter frå V70, og er 494 centimeter frå front til ende. Med andre ord ein diger bil.

Designavdelinga har hatt ei svært god hand med denne bilen, den klarer å skilje seg ut, med ein del logo-detaljar, som lykter og grill, slik at slektskapet til XC90, og heilt sikkert kommande Volvo-modellar, er tekne vare på. Den ser stilig ut frå alle vinklar.

Kvar gong vi parkerte, kom det folk bort og kommenterte bilen, noko som verkeleg ikkje skjer om ein har ein V70, og utan unntak var dei positive og meinte i tillegg at det såg ut som ein skikkeleg dyr bil.

Prismessig ligg den noko under konkurrentane frå Audi, BMW og Mercedes-Benz, sjølv om det er vrient å samanlikne då utstyrsnivået og pakkar er så intrikat sett saman at det ville ta dagar med innsats frå eit dusin seljarar å rekne seg fram til eit nøyaktig resultat her.

Utgåva har er ein T5, det vil seie ein bensinmotor som yter 254 hestekrefter. Som nesten alle bensinmotorar frå Volvo har den fire sylindrar og eit slagvolum på 1969 kubikkcentimeter. Det betyr rikeleg med krefter, og eit greitt dreiemoment.

ROMSLEG: V90 har vakse i lengda, den er cirka ti centimeter lenger enn V70. Bagasjeplassen er 560 liter, fem meir enn V70.
ROMSLEG: V90 har vakse i lengda, den er cirka ti centimeter lenger enn V70. Bagasjeplassen er 560 liter, fem meir enn V70.

Ikkje sportsleg

Null til hundre tek sju sekund, som er bra, men den kjennest ikkje spesielt sportsleg. At bilen er i XL-størrelse har ein del å seie her, den veg nærmare 1,7 tonn. Ein har moglegheit for å spisse køyreeigenskapane via fleire køyreprogram. Den mest heftige gir kjappare respons på gass og gir, men også ei mykje tyngre styring, det siste kjennest berre kunstig.

Det som blei trikset vårt her, var å gjere eigne innstillingar, med drivverket i sportsleg modus, resten i mest mogleg komfort. Uansett blir den aldri veldig sportsleg, forhjulstrekk, størrelse og motordynamikk gir ein komfortabel bil, som med solid akselavstand passerer ujamn veg utan at det blir lagt merke til. Det er lite vind- og motorstøy, men ein må leve med ein del hjulstøy.

Restart

Interiøret er som i XC90, med andre ord svært bra. Her har Volvo endeleg kome seg opp på premiumhylla, og Volvo leverer framleis nokon av dei beste seta på marknaden. Det er ein bil som har god plass innvendig, og den er veldig avslappande og behageleg på lange strekk. Volvo har samla det meste av funksjonar på ein stor skjerm i midten av dashbordet. Det tek litt tid å finne fram i alle menyane, men det er nok i stor grad ein vanesak.

Mot slutten av perioden vi hadde bilen, viste den fram den mørke sida av ein moderne bil. Plutseleg gjekk dashbordet i svart og bilen i halte-modus. Det vil seie at den så vidt gjekk med ein toppfart på rundt 20 kilometer i timen. Kvifor dette skjedde er uvisst, men det blei fiksa ved at ein kar frå Viking rett og slett tok ein omstart av bilen.

Eit passande bilete på at ein Volvo V90 passar dataingeniøren betre enn mekanikaren.

 

 

Til toppen