Svensk oljeselskap satsar på Sognekraft
(Foto: Tonje Merete Lillevangstu/ NRK)

Svensk oljeselskap satsar på Sognekraft

Oljeselskapet Lundin går inn i fornybar energi og sikrer seg eigarskap i vasskraftprosjektet på Leikanger.

Sogndal: Oljeselskapet Lundin vert medeigar i Sognekraft sitt Leikanger kraftverk, skriv Sognekraft i ei pressemelding.

– Eg er veldig glad for at vi har fått Lundin som medeigar i Leikanger kraftverk, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft.

Oljeselskapet Lundin melde til E24 tidlegare i haust at dei ville byrja med fornybarinvestering.

No i sin kvartalrapport omtalar selskapet sin plan for bærekraftig energi. Der varslar dei ein ny avtale med Sognekraft om å kjøpa 50 prosent av vasskraftprosjektet Leikanger.

Dei skriv at selskapet skal investera 60 millionar dollar, 550 millionar kroner, i norsk vasskraft over tre år til og med 2021, og markerer eit strategisk taktskifte.

Vil sikre at dei kun brukar fornybar straum

Oljeselskapet Lundin har aktivitetar innan leiting, utbygging og produksjon på norsk sokkel. Selskapet er kanskje mest kjent for å ha funne gigantfeltet Johan Sverdrup i 2010, eit felt som nettopp vart sett i produksjon, står det i pressemeldinga frå Sognekraft.

E24 skriv at Ludin opplyser at dei vil bruka rundt 500 gigawattimar kraft årleg frå og med 2022 i den nordiske marknaden. Straumen går til å dekka selskapet sin eigardel i blant anna Johan Sverdrup-, Edvard Grieg-, Ivar Aasen- og Solveig-felta i Nordsjøen.

Det meste av straumen er fornybar, men ikkje all. Difor investerer selskapet no i eigen straumproduksjon for å sikra at dei kun brukar fornybar straum.

Ferdig utbygd vil Leikanger kraftverk ha ein årsproduksjon på kring 208 GWh, fornybar energi tilsvarande årsforbruket til meir enn 10.000 husstandar.

– Partnerskapet med Lundin i Leikanger kraftverk, der me eig kvar våre 50 prosent, lettar våre økonomiske plikter. Slik kan vi satse vidare på andre kraftprosjekt i porteføljen vår, noko som er til stor fordel både for Sognekraft som selskap og for lokalsamfunnet, seier Terje Bakke Nævdal.

Til toppen