BEREKRAFTIG: I 2010 var Lærdal med på pilotprosjektet "Berekraftig reisemål". Denne merkinga har kommunen no hatt i tre år og i år har dei søkt om å få halda fram med å få kalla seg eit berekraftig reiselivsdestinasjon. Foto: Arkiv. 
BEREKRAFTIG: I 2010 var Lærdal med på pilotprosjektet "Berekraftig reisemål". Denne merkinga har kommunen no hatt i tre år og i år har dei søkt om å få halda fram med å få kalla seg eit berekraftig reiselivsdestinasjon. Foto: Arkiv. 

Svenskane har fått augo opp for pilotprosjekt i Lærdal 

Lærdal fekk i 2013 merke som eit av landest første berekraftige reiselivsdestinasjonar. I år skal merke fornyast. 

Lærdal: – Det ser ut som reiselivssystemet i Noreg kan bli ein internasjonal hit, seier Marianne Mork, senior kommunikasjonsrådgiver i Innovasjon Norge. 

Lærdal var ein av fire kommunar som var med i pilotprosjektet «Bærekraftig reisemål» som starta i 2010. I dag er 15 stadar med på ordninga. 

Les også: Lærdal med størst vekst av gjestedøgn

Frå nerdete til trendy

I god dugnadsand samla lærdølene fem indikatorar som kvalifiserer til at eit område kan kallast eit berekraftig reisemål. Prosessen tok tre år og i 2013 fekk Lærdal den gjeve merkinga. 

– Det verkar som om ordninga kan bli veldig populær i utlandet, seier Mork. 

I 2013 leverte Helene Maristuen, som har stått i spissen for prosjeketet, 437 dokument for å syna funna av pilotprosjektet. 

– Me ser enorme forskjellar frå då me starta og fram til i dag. I 2010 var lokal og kortreist mat sett på som litt nerdete og hippe-aktig, men no er det blitt kjempe trendy, seier Maristuen. 

Ho meiner at merkingssystemet endå ikkje er prikkfritt, og fortel at det stadig skjer endringar. 

– Tyskland har til dømes eit mykje strengare system enn oss i Noreg. Det er absolutt kjempe spennande at andre land no har byrja å sjå på modellen som me var med på å utvikla, seier Maristuen. 

– Viktige bjellekuer

Innovasjon Norge skriv nyleg at svenskane skal adoptere den norske merkinga av reiselivsdestinasjonar. 

– Lærdal og dei tre andre reiselivsdestinasjonane som var med i pilotprosjektet fungerte som viktige bjellekuer og gjekk framfor for å testa ut det som var mogleg. Kommunen var svært hjalpsam i denne prosessen, seier Ingunn Sørnes, fagspesialist bærekraftig reiseliv for Innovasjon Norge. 

Funna som blant anna Lærdal kom fram til mellom 2010 og 2013, er ifølge Sørnes, utruleg viktige i dette utviklingsarbeidet. 

– Me målte opp det me fann med internasjonale krav. På den tida piloten gjekk, var det svært lite informasjon å finne. No derimot, har det kome mykje meir kunnskap internasjonalt om berekraftig reisemål, seier Sørnes. 

Skal re-merkast i år

Kvart tredje år må destinasjonane som har fått berekraft-merket søkje om å få behalde merket vidare. 

– Me har framleis dei same verdiane som me hadde då me fyrst fekk merket. Det er ikkje nokon som er tilsett i ei stilling til å ta seg av dette, så det går mest i dugnadsarbeid, seier Maristuen. 

I mai kjem ein kontrollør for å ta temperaturen på reiselivet i Lærdal. Då skal denne personen blant anna snakka med ordføraren og ulike reiselivsaktørar. 

– Me ønskjer å bevara dei sosiale verdiane i lokalsamfunnet vårt. Lærdalsmarknaden, Frilund, Smak av Sogn og Kongevegen er døme på dette, forklarar Maristuen. 

Så langt er Lærdal den einaste reiselivsdestinasjonen i fjord-Noreg som har fått merkinga berekraftig reisemål. 

Søknaden om å få halde fram er no sendt og svaret kjem fyrst i juni. 

Til toppen