Sogndal: – Eg likar meg veldig godt i naturen, og tykte det var veldig fint her, så eg bestemte meg for å flytta hit, seier David Rezo, som kjem frå Helsingborg.
Det var etter eit besøk hos barndomskameraten, som no driv spisestaden Den gamle nabo i Sogndal, at svensken fann ut at han òg ville starta opp ei verksemd her.
– No skal eg kjøpa meg ei hytte, for eg er glad i å stå på ski, seier han.

- Les òg: Satsar på skjønnheit og velvære: – Viktig at Gaupne har eit tilbod
- Les òg: Vendela (21) tek sats og startar for seg sjølv
Aggressiv prising
Måndag opna Rezo dørene til den første dedikerte herrefrisøren i Sogndal. Her kan du få fiksa både sveisen og trimma skjegget.
Rezo har bra tru på at han skal lukkast i Sogn.
– Eg er flink til å klyppa, ikkje for å skryta, men eg har 26 års erfaring, og har hatt fleire salongar i Sverige. Om ein skal samanlikna prisane, så burde det funka, seier Rezo.
Han trur studentane kan bli ei viktig kundegruppe. Plasseringa rett overfor Meieriet skulle såleis passa perfekt.

Det ligg derimot ikkje djupe tankar bak valet om å sikta seg inn på herrane.
– Eg kan ikkje klyppa damer. Det er herrefrisør eg er utdanna som, seier Rezo.
Satsar på jungeltelegrafen
Det kostar å starta frå null. Frisørentreprenøren reknar med at han har investert opptil 300.000 kroner i utstyr og opprusting av lokala.
– Me har gjort om på alt, alle veggar og det elektriske er bytt ut, det kostar. Det var ganske «risigt» her i byrjinga, seier Rezo.
Rett etter opning er det ei utfordring at dei færraste har fått med seg det nye tilbodet. Rezo har i første rekkje tenkt å bruka sosiale media til å marknadsføra seg. Men han håpar òg på gratishjelp.
– Den beste reklamen er når kunden blir nøgd. Då går jungeltelegrafen, seier han.