Aurland: Reinhardt Sørensen stod med mobilen i handa og sjekka om den måtte på lading før han la seg søndag kveld. Då gjekk brannalarmen på Sogn Jord- og Hagebruksskule.
Tolv røykdykkarar
– Dette er ein automatisk alarm kopla direkte til Florø og vidare til oss i Brannvesenet. Eg bur berre nokre hundre meter unna skulen, så eg var der på tre minuttar, fortel brannsjefen i Aurland.
Røyken velta ut frå Ysteriet på Sogn jord- og hagebruksskule rundt midnatt. Røykdykkarar måtte inn for å ta hand om situasjonen.
– Dette viser kor viktig det er å ha røykdykkarar lokalt. Elles kan me ikkje gå inn i slike situasjonar, heller ikkje ved røykutvikling i ein tunnel, seier Sørensen.
I Aurland har Brannvesenet tolv røykdykkarer og to til er under opplæring. Lokale ressursar hindra at dette vart til noko meir enn ein nestenbrann.

Tørrkoking
– Korleis hadde dette gått om de kom eit kvarter seinare enn de gjorde?
– Då kunne det fort ha vore full overtenning. Her viste det seg å vera snakk om tørrkoking i samband med ysting. Når vatnet fordampar blir det røykutvikling, og etter kvart brann. Dei har nok gløymd å skru av plata.
– Så det vart svidd ost?
– Ja, den er nok ikkje etande.