SVIKT: Det er synleggjort at dokumentfeilen skuldast svikt i etablerte rutinar, skriv Årdal kommune. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SVIKT: Det er synleggjort at dokumentfeilen skuldast svikt i etablerte rutinar, skriv Årdal kommune. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Svikt i etablerte rutinar

Dokumentfeilen skuldast «svikt i etablerte rutinar», skriv Årdal kommune på sine nettsider.

Årdal: Måndag hadde rådmannen diverse interne møter og gjorde førespurnader eksternt for å klargjere årsaka til at det fredag vert lagt ut dokument på postlista som skulle vore unnatekne offentlegheit.

– Det er no synleggjort at feilen skuldast svikt i etablerte rutinar hjå oss, noko som i dette tilfellet fekk negative følgjer som rådmannen på det sterkaste har sagt seg lei for og beklaga både i media og skriftleg overfor pårørande og verjepersonar, skriv kommunen.

Leverandøren av programvara som kommunen nyttar, har gjort greie for at det ikkje er logga teknisk svikt eller avvik i programvara. Dette er fylkesmannen gjort kjend med.

Det var Sogn Avis som først skreiv om saka, der eit 145 sider langt dokument med sensitive opplysningar om 13 personar ved ein feil vart lagt ut på postlista til kommunen. Kommunikasjonsdirektør i Datatilsynet Ove Skåra seier til avisa tysdag at saka kan få følgjer for kommunen.

– Når Datatilsynet får inn ei avviksmelding og ein rapport, vil me måtte vurdere om me skal koma med formelle reaksjonar overfor kommunen. Datatilsynet kan gi eit gebyr, det er inga straff, men snarare sanksjon, dersom me meiner kommunen ikkje har gode nok dokumenterte internkontrollrutinar, seier han til avisa.

I tillegg kan det kome erstatningsplikt overfor dei det gjeld.

Til toppen