FISKEDØD: Då vassføringa i Lærdalselvi sank drastisk måndag morgon, førte det til at fiskeyngel som oppheldt seg i sideelver og kiler døydde.
FISKEDØD: Då vassføringa i Lærdalselvi sank drastisk måndag morgon, førte det til at fiskeyngel som oppheldt seg i sideelver og kiler døydde. (Bilde: Privat)

Svikt i interne rutinar årsaka til at vasstanden gjekk drastisk ned i Lærdalselvi

Østfold Energi vil betala for ei fiskebiologisk undersøking for å kartlegga skadeomfanget.

Lærdal: Det var måndag morgon at vassføringa i Lærdalselvi plutseleg gjekk drastisk ned i vel to timar før utbyggar Østfold Energi fekk køyrt opp att elva.

Då var skaden allereie skjedd. Sidan bekkar, kiler og sideelver vart tørrlagde, enda det med ein massedød av fiskeyngel. Onsdag møttest partane for å diskutere hendinga. I ei pressemelding vert det opplyst at intern svikt i rutinar var årsaka.

– Førebels konklusjon er at det har vore ein svikt i interne rutinar hjå Østfold Energi. Selskapet går gjennom rutinane for å finne tiltak slik at noko tilsvarande ikkje skjer igjen, heiter det.

Dette inneberer mellom anna ei betring av rutinane for opp- og nedkøyring av kraftstasjonen, samt å overvaka betre minstevassføringar.

No skal ei lokal arbeidsgruppe frå Lærdal Elveeigarlag, ein fagansvarleg og Østfold Energi sjå på kva kortsiktige tiltak dei kan gjennomføra.

Dei er også samde om å setja i gang med ei fiskebiologisk undersøking for å kartlegga skadeomfanget og samanlikna det med tidlegare undersøkingar. Denne kostnaden skal Østfold Energi ta.

– Det er òg viktig å seia at elva over Stuvane ikkje er berørt av hendinga. Dette utgjer ein tredjedel av lakseførande strekning.

Til toppen