BEDRAGERI: I etterkant av Målrock 2015 har det kome fram at enkeltpersonar har utnytta eit praktisk problem vedrørande bandpåsett i forkant av festivalen, og seld eller gjeve vekk billetten sin til fleire personar. Same billetten har då vore nytta fleire gonger. Ifølgje norsk lovverk er dette forbudt, og ein kan bli sikta for bedrageri om det vert oppdaga. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Svindel med Målrock-billettar

– Me er kjend med at dette har forekomme, seier Katrine C. Fredheim, festivalsjef for Målrock. 

Porten.no er kjend med at enkelte billettar til årets Målrock-festival som gjekk av stabelen 5. - 8. august, har vore nytta i bedrageri vedrørande vidaresal. 

IKKJE LOV: – Dette er jo ikke lov, og eg hadde aldri turt å utnytte situasjonen på denne måten, seier festivalsjef i Målrock, Katrine C. Fredheim. Arkiv
IKKJE LOV: – Dette er jo ikke lov, og eg hadde aldri turt å utnytte situasjonen på denne måten, seier festivalsjef i Målrock, Katrine C. Fredheim. Arkiv

Også i fjor opplevde Målrock-arrangørane at nokre 2014-billettar vart selde vidare etter at personar har bytta billetten mot Målrock-armbandet.

I praksis vil dette seia at same billett har vore nytta fleire gonger.

Ukjende gjerningspersonar

Festivalleiaren fortel at prosedyrane kring billettar og bandpåsett er gode, men at i enkelte tilfelle har praktiske utfordringar gjort denne svindelen mogleg. 

– Ved eit par høve har me hatt problem med nett-tilgangen på standen, slik at blant anna systemet kring scanning av billettane ikkje har vore tilgjengeleg.

Billettane som har vorte veksla i band før systemet var oppe, har i dei tilfella vorte scanna i etterkant. Og det er i desse høva at enkelte personar har sett sitt snitt i å nytte billetten sin fleire gonger.

– Me oppdaga at nokre av billettane som vart scanna i etterkant, ikkje vart godkjende. Men me veit ikkje kven som har gjort dette, seier Fredheim. 

Billett på mobiltelefon

Frå og med 2014 gjorde Målrock nokre endringar i prosedyrane kring billettkjøp, og har no ei løysing der ein kan få den kjøpte billetten tilsendt på e-post. Dette er eit alternativ til å kjøpe billettar via Billettservice som då kjem i posten og ofte går nokre dagar ekstra.

Porten.no kjenner ikkje til kva type billettar som er selde eller gjeve vidare til andre personar, og heller ikkje korleis bedrageriet har vore utført.

Lumpent gjort

Ifølgje lovverket vert ein sikta for bedrageri ved vidaresal på denne måten, der same billett vert nytta fleire gonger og slik sett utnytta systemet.

LUMPENT: – Det er Målrock som har vorte lurt i denne saka, og det er veldig lumpent gjort, seier lensmann Magne Knudsen.
LUMPENT: – Det er Målrock som har vorte lurt i denne saka, og det er veldig lumpent gjort, seier lensmann Magne Knudsen.

– Det kan vera fleire fornærma her, men i utgangspunktet er det Målrock som har vorte lurt og som er den fornærma part i ei slik sak. Det er skikkeleg lumpent gjort, seier lensmann Magne Knudsen.

– Politiet håpar at dei som har gjort dette vil rydde opp etter seg. Eg oppmodar difor dei aktuelle personane til å ta kontakt med enten Målrock-leiinga eller politiet. Dette skal me klare å løyse på ein god måte, fortel han.

Endringar

Fredheim presiserer at dette har skjedd i eit lite omfang.

– Dette vil ikkje kunne skje i framtida. Me oppfordrar alle til å kjøpe billettar gjennom offisielle salskanalar, som til dømes Billettservice, og vera forsiktige med å kjøpe andrehandsbillettar, særleg om det er mobilbillettar eller Ticketfast. Dersom ein står der og ikkje får adgang med ein billett kjøpt av andre privatpersonar fordi den alt er innløyst, så er det dessverre ikkje noko vi får gjort noko med.

Til toppen