Svømte 100 000 meter lengre enn i fjor

Svømte 100 000 meter lengre enn i fjor

Svøm deg til Rhodos 2015 er avslutta, og ein merkar auka i både deltakarar og distanse.

Også i år har Årdalshallen vore medarrangør på den store årlege kampanjen for å fremja symjing som alternativ trening og mosjon. 

I år auka talet på deltakarar frå 49 til 54, og desse har til saman lagt bak seg 441 525 meter. Det er nesten 100 000 meter lenger enn i fjor. 

Mange av desse har også oppnådd lengdekrava jamført med tidlegare år, og det er særleg aldersgruppa 26 år og oppover som er aktive mosjonistar i bassenger, men både ungdom, born og handikappa har delteke i sine respektive kategoriar. 

Den som har symt lengst dei siste tre månadane har lagt bak seg heile 36 400 meter. Eldste deltakar er på 82 år, noko som viser at det rom for dei fleste i vatnet.

Årdalshallen bestemte seg for at i år ville dei dele ut fleire lokale premiar til deltakarane i dei ulike klassane, og ein finn liste av vinnarane ved badevaktluka i hallen.

Det er også trekt ut tre deltakarar som er meldt inn og er med i trekninga om dei store hovudpremiane på landsbasis. Det er totalt 255 sømjehallar som deltek. Dei som er trekt ut i høvesvis klassane vaksne, ungdom og born  er Oddveig K. Leine, Cecilie Brun og Ronja Finnebotten Saltnes.

Til toppen