DEBATT: Trude Brosvik.
DEBATT: Trude Brosvik. (Foto: Ole Stian Jørgensen)

MEININGAR

– Sygna er ein privatskule, Arbeiderpartiet!

Det skriv Trude Brosvik, fylkesordførarkandidat i Vestland KrF, i dette lesarinnlegget.

Balestrand: Arbeiderpartiet må slutte med å skape usikkerhet rundt friskular.

Nestleiar Hadia Tadjik er i media med ønskje om innstrammingar av sjansen til å starte og drive privat- og friskular. Ho meiner dei undergrev den offentlege skulen og tar ressursar som skulle vore brukt både til lærarkrefter, vedlikehald og investering.

Det er ein måte å sjå det på som KrF ikkje deler når det gjeld friskular som til dømes Sygna.

Kristen friskule 

I Sogn og Fjordane har vi berre ein friskule på vidaregåande nivå. Det er Sygna i Balestrand; ein kristen friskule, driven av Norsk Luthersk Misjonssamband, og utan økonomisk utbytte til eigaren (non-profit).

KrF og Ap har tidlegare stått saman i eit forlik for å sikre denne typen skular.

Sygna er ein viktig arbeidsplass for Balestrand kommune. Og vi har ved fleire høve høyrt Ap-ordføraren presentere skulen stolt og med entusiasme, og med understreking av kor viktig han er for regionen.

– Kva er det Ap vil med friskulane?

Så kva er det eigentleg Ap vil med friskulane? Gjere det vanskelegare for dei å drive? Stanse nye friskular? Eller berre stoppe privatskular som tar utbytte til eigarane? Det siste er vel å slå inn opne dører, for det er jo ikkje lov.

I tillegg seier dei at kommunen skal uttale seg om etablering av ny skule, og uttalen bør tilleggast stor vekt. Slik er det vel også allereie?

KrF er svært glade for at vi har skular som Sygna, som eit supplement til den offentlege skulen. I Sogn og Fjordane har det vore relativt stor semje om å handsame Sygna likt med dei andre vidaregåande skulane, og ikkje minst: også elevane som går på skulen.

– Skulestrukturen skal bestå

Vi opplever at det ikkje har vore like sjølvsagt i Hordaland, men at det er på veg til å bli slik. KrF vil i alle fall stå opp for elevane sine rettar, uavhengig av om dei går på offentleg eller privat skule i Vestland fylke.

Vi vil kjempe for at born og foreldre i størst mogleg grad skal få velje kva skule dei vil bruke, og vi lovar at skulestrukturen skal bestå.

Til toppen