SJU DAGAR: Viking Tour går over sju dagar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Foto: Viking Tour
SJU DAGAR: Viking Tour går over sju dagar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Foto: Viking Tour

Sykkelløp over sju dagar starta med Lærdal og Årdal

Viking Tour starta frå Lærdal og vidare gjennom Årdal laurdag morgon. 135 syklistar skal klatra drygt 3000 høgdemeter alt første dag.

Lærdal/Årdal: - Me har den mest ekstreme klatreetappa nokon gong på første dagen, fortel rittleiar Geir Ellingsen.

Viking Tour blir arrangert for 13. gong og starta laurdag morgon klokka 9 frå Lærdal sentrum. Løypa går flatt til Øvre Årdal, men så startar blodslitet: opp på Tindevegen sitt høgaste punkt på 1315 moh, ned til Turtagrø på 890 moh. oppatt over Sognefjellet som har toppunkt på 1434 moh berre for å nedatt til Galdesand på 578 moh og oppatt på Juvasshytta, 1851 moh.

Det vil seia drygt 3000 høgdemeter.

- Me er veldig godt nøgde med at vermeldingane er så gode. Når ein skal så høgt som Juvasshytta kan det fort vera minusgrader sommarstid, seier Ellingsen.

- Veldig artig å få vist fram den finaste delen av landet på denne måten

Søndag går turen frå Lom via Trollstigen til Valldal. Fram til torsdag held syklistane seg i nabofylket i nord før dei då kjem til Nordfjordeid. Fredag er siste dag; frå Eid til Lærdal att

- Det er første gong me er i Ålesund og på Nordfjordeid. Lærdal er ein av favorittstadene våpre med vegar i alle retningar og veldig greitt å få organisert i.

135 syklistar er med på årets Viking Tour.

- Eg er godt nøgd, trass i at me har vore fleire mange år tidlegare. Men me gjer ikkje dette for å bli rike og med litt færre blir det også meir sosialt. Så 135 er heilt fint. Elles er me veldig glade for at me får låna fjella dykkar. Det er veldig artig å få vist fram den finaste delen av landet på denne måten, seier Ellingsen.

Til toppen