ULYKKE: Politiet melde om ei alvorleg trafikkulykke i Raubergtunnelen på fylkesveg 243 mot Erdal tysdag føremiddag. Foto: Porten.no-tipsar.
ULYKKE: Politiet melde om ei alvorleg trafikkulykke i Raubergtunnelen på fylkesveg 243 mot Erdal tysdag føremiddag. Foto: Porten.no-tipsar.

Syklist i 80-åra omkom etter samanstøt med bil

Syklisten i 80-åra døde etter eit samanstøt med ein bil i Raubergtunnelen i Lærdal tysdag føremiddag.

Lærdal: Det var tysdag føremiddag klokka 09.53 politiet i Sogn og Fjordane fekk melding om ulykka som skjedde i Raubergtunnelen på fylkesveg 243 mot Erdal. 

Ikkje lenge etter kom meldinga om at ulykka var alvorleg. Like etter klokka 11.30 melder politiet at syklisten, ein mann i 80-åra, døde av samanstøtet.

– Det var eit samanstøt mellom bil og syklist, og syklisten døde. Det sat to personar i bilen, ein mann og ei kvinne, og desse er fysisk uskadd og blir fulgt opp av helsepersonell, fortel Marianne Føleide i politiet til Porten.no.

Trafikkulykkekommisjonen til Statens vegvesen er no på staden.

– Det er også politiet sine krimteknikarar og etterforskarar, så no vert det gjort undersøkingar og tatt avhøyr. 

Det kommunale kriseteamet i Lærdal er varsla og gir hjelp og støtte til dei involverte i saka.

Vegen vart opna 16.30 tysdag ettermiddag.

ULYKKE: Trafikkulykka skjedde i Raubergtunnelen på fylkesveg 243 mot Erdal.
ULYKKE: Trafikkulykka skjedde i Raubergtunnelen på fylkesveg 243 mot Erdal.

 

Til toppen