TEMAKAFÈ: I februar vart den første temakafeen for kreftråka arrangert på Doktorheimen i Lærdal. 23 personar møtte, noko kreftkoordinator Linda Mannes (nummer to frå venstre) meiner at det syner behovet for eit slikt tilbod. Foto: Ole Ramshus Sælthun.
TEMAKAFÈ: I februar vart den første temakafeen for kreftråka arrangert på Doktorheimen i Lærdal. 23 personar møtte, noko kreftkoordinator Linda Mannes (nummer to frå venstre) meiner at det syner behovet for eit slikt tilbod. Foto: Ole Ramshus Sælthun.

– Syner at det er behov for ein uformell møteplass

23 personar gjesta den første temakafeen for kreftråka – eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane på sørsida av fjorden.

Lærdal: Kafeen skal vere ein uformell møteplass for personar som er råka av kreft, anten direkte eller indirekte som pårørande. I midten av februar hadde kafeen sin første kveld, der 23 personar møtte i tillegg til frivillige og arrangørar.

– Me er kjempeglade for alle som møtte opp. Det seier noko om behovet for ein slik uformell møteplass for denne målgruppa. Tema for kvelden var ernæring og pasientrolla med Lindis Alme på besøk. Ho engasjerte, og det resulterte i gode diskusjonar og samtalar i etterkant, fortel kreftkoordinator Linda Mannes.

Kreft er noko som råkar dei fleste i løpet av eit livsløp, anten ved at ein får det sjølv eller kjenner nokon som har det, og det påverkar kvardagen til desse personane og familiane.

Avhengig av frivillig hjelp og midlar

Difor skipar helsearbeidarar i dei tre kommunane til faste temakafear i 2017. Her blir det føredrag om aktuelle tema og dei som kjem får prata i lag.

Før oppstart av temakafe, søkte Mannes Kreftforeningen om oppstartsmidlar og fekk 5000 kroner. I tillegg bidrog Tønjum Grendalag med same summen, noko ho er svært takksam for.

– Me ønskjer å senda ei stor takk til dei frivillige som stilte opp. Dei kom med heimelaga rundstykker, kaker og pannekaker. Og dei hjalp til med rigging av stolar og bord, servering og rydding, seier Mannes og legg til at dei er avhengig av frivillig innsats.

– Me er avhengige av frivillig innsats og midlar for å driva temakafeen vidare, og vil med dette oppmode lag, organisasjonar og næringsliv i Aurland, Årdal og Lærdal til å støtta opp om tiltaket som er starta opp. Dersom nokon ynskjer å bidra med pengar, er kontonummeret 3838 07 60328. Merk betalinga med Kreftomsorg ÅLA.

Til toppen