UTSTILLINGSVINDAUGE: Framtidsfylket si karrieremesse er eit utstillingsvindauge både for bedrifter frå Sogn og Fjordane, men også for nyutdanna på jakt etter ny jobb. Foto: Privat.
UTSTILLINGSVINDAUGE: Framtidsfylket si karrieremesse er eit utstillingsvindauge både for bedrifter frå Sogn og Fjordane, men også for nyutdanna på jakt etter ny jobb. Foto: Privat.

Syner at det er ei jobbframtid i fylket​

Fleire lokale verksemder deltok på Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen denne veka. – Vore for dårleg på profilering.

Bergen/Årdal: Dette er det 11. året at Framtidsfylket arrangerer karrieremesse i byane Trondheim, Oslo og Bergen, der verksemder frå Sogn og Fjordane deltek med stands i håp om å trekke til seg ungdom på jakt etter ein jobb.

Ei av desse bedriftene var Bilfinger Årdal, som synte fram kven dei er og kva dei har å by på for dei 650 menneska som var innom messa i Bergen. 

– Det var mange som var innom for å snakke med oss, der dei fleste var nyutdanna i motsetning til tidlegare då det har vore ein del arbeidsledige. Dette var kanskje unge som vurdere å flytta heim eller koma nærare heimstaden sin, seier prosjektingeniør med marknadsansvar i Bilfinger i Sogn og Fjordane, Tor Arne Fagerli.

– Viktig med privat sektor som veks

Heile 65 stands med ulike bedrifter kunne Framtidsfylket by på i Bergen, men dagleg leiar Gro Rukan seier det er plass til fleire.

– Me er eit fylke som må legge oss i selen for å skapa fleire arbeidsplassar, men me har gode miljø som Kunnskapsparken og Campus i Sogndal, der ein har hatt positive løft. Det er viktig at me får ein privat sektor som veks, seier ho.

Ho trur det skjer mykje bra i fylket som mange ikkje høyrer om og at ein difor kan bli betre på profilering. Då er ei slik karrieremesse midt i blinken. 

– Me er gode på skaparkraft, men ikkje på skryt. Kanskje det ligg litt i folkesjela, seier ho og viser til spennande bedrifter som Hydro, som la fram eit godt årsresultat for 2016 og segler i medvind for tida.

Ein stad å syne seg fram

Bilfinger hadde med seg ledige stillingar til messa, men det var også mange bedrifter som ikkje hadde noko å tilby, men som var der likevel. Det trur dagleg leiar i avdelinga i Årdal, Dag Reidar Vik, er viktig.

– Det er jo profilering for bedrifter, der ein kan sondere terrenget og treffe moglege samarbeidspartnerar i andre bedrifter. For vår del var me interessert i å sondere ingeniørmarknaden. Me er alltid på utkikk etter unge og lovande, seier han. 

– Gir god effekt

Måten nyutdanna studentar som besøker messene går fram på, har også endra seg. Ein meir usikker jobbmarknad gjer at folk på jakt etter jobb er blitt meir målretta og flinkare til å selje seg sjølv. 

– Har dette arbeidet effekt?

– Det vil eg seie. Eg kan ikkje slå i bordet med statistikkar, men me ser ein auke i tal bedrifter som vil ha trainee. Det finst flust av historier om folk som besøkte karrieremessa, som no jobbar i ei bedrift i fylket. Eg meiner det verkar, seier Rukan.

Lettare å rekruttere folk med tilknytning

Det trur også karane i Bilfinger, som meiner det er viktig at bedrifter i Sogn og Fjordane gjer seg synlege.

– Når ein skal skaffe arbeidstakarar her i fylket, er det sjeldan folk flyttar hit utan at det er ein form for tilknytning. Dette er ein god arena for å treffe folk med tilknytning til Sogn og Fjordane. Det er også grunnen til at me prioriterer messa i Bergen føre dei i Trondheim og Oslo. 

Til toppen