– EI ÆRE: Franka og Paul Fransen seier det er ei ære å få delta på verdas største matmesse i Berlin. Foto: Ragna Kronstad.
– EI ÆRE: Franka og Paul Fransen seier det er ei ære å få delta på verdas største matmesse i Berlin. Foto: Ragna Kronstad.

Syner fram råvarene sine på verdas største matmesse

Gastronomi er blitt eit viktig våpen i kampen om turistane.

Berlin/Luster: Denne veka har seks ulike bedrifter frå Sogn og Fjordane deltatt på Grüne Woche i Berling, verdas største matmesse.

Blant desse er Sognefjorden Sjokolade, som til dagleg held til Marifjøra i Luster. For dei er dette ein unik sjanse til å syne seg fram for heile verda.

– Her står me saman andre frå Noreg og lagar smaksprøvar av råvarer som me har med oss frå Noreg. Her får ein tak i alt frå sjokolade og ost til laks og kjøt, fortel Paul Fransen. 

Kortreist mat i vinden

Kortreist mat er i vinden som aldri før, og det er også turisten oppteken av. Sognefjorden Sjokolade nyttar til dømes bringebær frå Gaupne og geitost frå Veitastrond i sjokoladen sin.

Artikkelen held fram under biletet.

KORTREIST: Sognefjorden Sjokolade nyttar kortreiste råvarer som bringebær frå Gaupne og geitost frå Veitastrond. 
KORTREIST: Sognefjorden Sjokolade nyttar kortreiste råvarer som bringebær frå Gaupne og geitost frå Veitastrond. 

Marit Hjortung, seniorrådgjevar på landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, seier at deltakinga på Grüne Woche gir aktørene eit godt nettverk som dei kan bygge videre på når dei kjem heim.

– Me ønskjar å kople matprodusentar, bønder og reiselivsaktører og løfte næringane i lag, seier ho til Fylkesmannen si heimeside.

– Ei ære å få delta

Messa opna fredag for ei veke sidan. Fram til onsdag denne veka var det Siri Dalehaug og ektemannen Aslak, som eig og driv Skjolden Hotell i Luster, Siderprodusenten Balholm og Flatheim feriegard som representerte Sogn og Fjordane. 

Onsdag vart det laget bytta ut med nemnde Sognefjorden Sjokolade, Marås Hjort og Vikja Kjøt.

Artikkelen held fram under biletet.

MINISTERBESØK: Siri Dalehaug, som driv hotellet i Skjolden saman med mannen Aslak, møtte landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp). 
MINISTERBESØK: Siri Dalehaug, som driv hotellet i Skjolden saman med mannen Aslak, møtte landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp). 

– Me blei inviterte av Innovasjon Norge til å ta del i dette, og for oss er det ei ære å bli invitert. Det var vanskeleg å seie nei, seier Fransen, som ikkje kan seie sikkert kva dette vil bety for hans verksemd.

– Det er vanskeleg å måle, men dette handlar om at me representerer Noreg og syner fram kva me har å by på av natur og mat, legg han til. 

Enormt potensiale

Også landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) har delteke på messa og helst på bedriftene frå fylket. 

– Det er på Vestlandet forbrukaren kjøper mest lokalmat på daglegvare, så det er eit enormt potensiale for vidare satsing, seier Jon Georg Dale som tidlegare i veka la fram «Opplevingar for ein kvar smak», ein ny strategi for reiselivet basert på landbruket og reindriftens ressursar.

Til toppen