KVINNEDAG: Songkoret i Lærdal inviterar til allsong og feiring av Kvinnedagen 8. mars på Laksen. Foto: Privat. 
KVINNEDAG: Songkoret i Lærdal inviterar til allsong og feiring av Kvinnedagen 8. mars på Laksen. Foto: Privat. 

Syng for kvinnedagen 

Tysdag kveld arrangerar Lærdal songkor songkafè på Laksen for å markera kvinnedagen.  

- Vi har øving kvar tysdag og då vi såg at øvinga vår var på 8. mars, fann vi ut av vi godt kunne arrangera ein songkveld med kvinnesongar. Forhåpentlegvis endar kvelden med allsong, seier Kari Blåflat til Porten.no. 

Publikum kjem til å få med seg nokre gode, gamle slagerar frå 60- og 70-talet og ein matbit frå Laksen sitt eige kjøken.  

Dobla medlemskapen 

I fjor haust fekk Lærdal songkor ein ny dirigent, nemleg Marita Vangen Bratteteig. 

- Etter at ho starta som dirigent, opplevde vi at det strøymde til med folk. Medlemskapen vår auka med 50 prosent. Det er ein del unge folk som no er med, det er veldig oppfriskande med tanke på den gamle, harde kjerna vår, seier Blåflat. 

Songkoret har hatt ein stabil medlemskap i ei årrekkje, men no har talet skote opp til 45 stykkjer. 

- Vi har ikkje hatt noko særleg med nye folk dei siste åra. Det er heller det at folk har slutta som følge av alderdom. Men no har vi plutseleg fått mange og nye folk med på laget, seier ho. 

Ein internasjonal gjeng

Dei nye medlemmane kjem frå sjukehusmiljøet i Lærdal og jordbruksskulen i Aurland. 

- Nokon byrjar, så dreg dei med seg fleire. Det har heva kvaliteten veldig mykje. Bakteppe med det, er jo at det er snakk om folk som kjem og går. Men i grunn gjere det ingenting, så lenge det kjem nye folk, seier Blåflat. 

Ho syns det er flott å sjå at det igjen er mykje aktivitet i koret. 

- Fleire av flyktningane som har kome til bygda det siste året har også blitt med i koret. Det er så internasjonalt som det går an å bli - med folk frå Afrika, Asia og Island. Det er rett og slett kjempe flott, seier Blåflat. 

 

Til toppen