GIR SEG: Redaktør og dagleg leiar, Synne Asheim Haga.
GIR SEG: Redaktør og dagleg leiar, Synne Asheim Haga. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

For fire år sidan kom ho til Porten.no og Årdal. No er redaktør Synne (26) klar for å gje stafettpinnen vidare

Redaktør og dagleg leiar, Synne Asheim Haga, har fått pilene til å peike oppover i nettavisa.

Pressemelding: Haga blei først tilsett som kommersiell leiar i Porten.no. Då ho fyrst kom til avisa i 2016, var dei økonomiske tala raude. 

– Eg kom inn til ei avis med ein dyktig gjeng som hadde bygd solide lesartal på særs kort tid, med Truls Sylvarnes i spissen som dåverande redaktør. Min jobb var å sjå på inntektene og finne moglegheiter for vekst på den kommersielle biten. 

Dei siste åra har mange dyktige partar vore med på utviklinga som gjer at nettavisa no går i pluss.

– Det har på inga måte vore lett, og til tider har det vore veldig mykje på ein gang. Men me har klart det i lag; redaksjonen, leiinga og tålmodige eigarar. Pilene begynte fort å peike oppover, men det har teke tid å få tala til å heve seg nok, seier ho. 

I 2018 tok ho over som redaktør og dagleg leiar. Ho ser tilbake på fire gode år i Porten.no. 

– Det har vore veldig givande på mange forskjellige måtar, utfordrande og lærerikt. Me har endra avisa mykje på desse åra.

Skal bygge opp miljøvennleg lojalitetsprogram

No ser Haga fram til nye utfordringar i hovudstaden, for det nyoppstarta lojalitetsprogrammet Fauna. 

– Det er eit lojalitetsprogram som heier på miljøvennleg konsum, ikkje berre hos éi merkevare, men på tvers av mange forskjellige.

Der vert ho «Head of content» med ansvar for utvikling av innhald og kanalar som skal trekke og inspirere potensielle brukarar. 

Prosessen med å finne ny redaktør for Porten.no er i gang. 

– Alt er ikkje konkretisert enno, men både leiinga elles og eg er innstilt på ein smidig overgang, seier ho.

Saka held fram under biletet.

PORTEN: Statistikken viser ein stor vekst i abonnementer dei siste månadene. Foto: Skjermdump

Tru på den nye gjengen

Haga er klar på at ho har trua på gjengen som held fram i avisa. 

– Eg er ikkje i tvil om at denne gjengen som er i Porten.no, kjem til å løfte avisa vidare.

Det er allereie i gang, seier den unge redaktøren.

– Det ser me att i dei eksplosive tala som har vore gjennom hausten. Det er ein enorm energi som er i staben no.

Til toppen