KOMMERSIELL LEIAR: Synne Asheim Haga (22) er tilsett som ny kommersiell leiar i Porten.no. 
KOMMERSIELL LEIAR: Synne Asheim Haga (22) er tilsett som ny kommersiell leiar i Porten.no. 

Synne er Porten.no sin nye kommersielle leiar 

Synne Asheim Haga (22) frå Gulen er tilsett som ny kommersiell leiar i Porten.no. 

  • Endret

Haga starta i jobben 1. november og har som oppgåve å formidle kva Porten.no kan tilby innanfor annonsering og marknadsføring.

– Porten.no har eit enormt potensiale. Alt tyder på at den gode utviklinga held fram i ei endå brattare kurve dei kommande åra. I tillegg er det eit lite og ungt miljø i bedrifta, og eg føler meg utruleg heldig som får vere med på eit så tidleg tidspunkt. Dette blir spennande, fortel ho.

– Det er ganske stor forskjell på Bogstadveien og Årdal, og eg skal innrømme at eg var litt skeptisk før eg kom hit. Men inntrykket er veldig postitivt! Eg trivst i slik natur og med dei friluftsaktivitetane den tilbyr. Mellom anna er det kort veg til pudderhovudstaden Sogndal, og eg har fantastiske fjellturar like utanfor døra. I tillegg held dei på å utvikle trial-miljø.

Artikkelen held fram under biletet.

GUDVANGEN: Synne har fleire gongar filma for dagens video under Ekstremsportveko på Voss. Her på basehopping tidlegare i år.
GUDVANGEN: Synne har fleire gongar filma for dagens video under Ekstremsportveko på Voss. Her på basehopping tidlegare i år.

22-åringen er busett og har kontor i Øvre Årdal, men siktar på tilbringe mykje tid ute på vegane for å treffe bedrifter og hjelpe dei med å nå fram til publikum med sin bodskap.

I november er det to år sidan Porten.no gjekk over til ny plattform. På denne tida har tal lesarar dobla seg. Stadig er det fleire som får augo opp for innhaldet Porten.no produserer. Kvar veke er over 18 000 brukarar innom Porten.no. 

REDAKTØR: Truls Grane Sylvarnes.
REDAKTØR: Truls Grane Sylvarnes.

– Målet har heile tida vore å gjere Porten.no til folk i Indre Sogn sin viktigaste nyheitskanal. Gradvis får me dette til, det syner tala. Men det kan bli mykje betre, seier ansvarleg redaktør Truls Grane Sylvarnes.

Sommaren 2016 annonserte mediehuset at dei no satsar ut over Årdal og Lærdal og ønskjer å få alle i Indre Sogn til å klikke seg inn på Porten.no dagleg.

Mediebransjen er inne i ein tøff omstillingsperiode for tida. Mange opplever ein nedgang i annonserelaterte inntekter.

– Ja, det er harde tider i bransjen, men det er også mange moglegheiter. Til dømes i innhaldsmarknadsføring. Dette er ein annonseform som bedrifter elles i verda har kasta seg over, og eg veit at næringslivet i Indre Sogn også vil ha stor nytte av å gjere det same. Der skal me bistå, seier Haga.

Haga har jobba med content marketing, eller innhaldsmarknadsføring på godt norsk, for Red Bull. Ho kjem rett frå VGTV og har såleis allereie opparbeidd seg brei og relevant erfaring i ung alder. Elles har ho studert journalistikk og marknadsføring.

– Det vert sjølvsagt utfordringar, men det er også noko av det som gjer det spennande. Porten.no ønskjer å vere ein naturleg del av kvardagen din. Både gjennom journalistikken og annonsane skal du kunne halde deg oppdatert på det som skjer, seier ho.

Porten.no er i dag gratis for lesarane våre, og annonsane er vår hovudinntektskjelde.

– Men me må gjere som resten av bransjen og vurdere betalingsløysing for lesarane. God journalistikk kostar. Alle lokalsamfunn treng vaktbikkjer som følgjer med på korleis pengar og makt vert forvalta. Det er ingen vits å leggje skjul på at ein etter kvart må gå over til brukarbetaling dersom nedgangen i annonseinntektene påverkar oss ytterlegare, seier Sylvarnes. 

Til toppen