Synneva Eri hus, orginalen frå 1800-talet. Foto: Leiv Thomas Faulkner
Synneva Eri hus, orginalen frå 1800-talet. Foto: Leiv Thomas Faulkner

Synneva Eri hus vert attreist

– Me håpar på byggjestart på forsommaren, seier sivilarkitekt Heidi-Kathrin Osland i Arkitektkontoret 4B.

I ein alder av 20 år har eigar Leiv Thomas Faulkner ei stor oppgåve framfor seg. Å attreise eit minnesmerke som Synneva Eri hus er ikkje ei enkel sak, og han fortel til porten.no at dette kostar ein del. Sjølv om han har fått att på forsikringa, samt motteke midlar av Riksantikvaren, vert det meste av byggjinga finansiert av han sjølv. 

Kvifor vel du å byggje opp att ein eksteriørkopi av Synneva Eri hus?

– Det er fleire grunnar til det, men fyrst og fremst passar dette best for både meg og Lærdal, seier Faulkner. 

Dei nye bygningane skal nyttast til leilegheiter, der to av dei skal leigast ut.
– Den siste leilegheita vert eit feriehus for meg og min næraste familie, fortel den unge eigaren. 

Detaljfokus

Å attreise ein utvendig kopi av eit så betydningsfullt bygg byr på enkelte utfordringar. I dei offentlege dokumenta på Lærdal kommune sine nettsider (postlista) kjem det fram konkrete og detaljerte tilrådingar om korleis eksteriøret på bygingane skal vere. 

Fagrådet for gamle Lærdalsøyri ved byantikvar Hallvard Trohaug presiserar i ein høyringsuttale at: "det er viktig at huset vert utført av handtverkarar med kompetanse på gamle hus og tradisjonelt handverk, slik at sluttresultatet vert best mogleg."

Til porten.no seier Trohaug at dei involverte partar har vore tidleg ute med ein dialog kring attreisinga. – Det har vore ein positiv prosess, seier han. 

Sivilarkitekt Heidi-Kathrin Osland i Arkitektkontoret 4B står bak bygningsplanane saman med eigar Leiv Thomas Faulkner. 

Er det for mykje detaljfokus?

– Dette er i utgangspunktet ei grei sak. Me ser på dette som ein ressurs, og tykkjer det er flott med klare retningslinjer, seier Osland.

Ho legg til at Lærdal er eit flott verneområde, og seier seg einig i tilrådingane om detaljar kring eksteriørutforming frå blant anna fagrådet for gamle Lærdalsøyri. 

Små endringar

For å kunne tilpasse bygningane til dagens standard og det planlagte bruksområdet, må det gjerast nokre endringar. – Det vert to leilegheiter i den store bygningen, og difor må me endre litt på inngangspartiet, fortel Osland.

På hovudbygningen skal to enkeltståande dører erstattast med vindauge, og det vert veranda i andre etasje til kvar leilegheit. 

Artikkelen held fram under biletet.

Arkitektteikning, fasade av eksteriørkopi av Synneva Eri hus.
Fasadeteikning av eksteriørkopi, utført av Arkitektkontoret 4B.
(porten.no har innhenta opplysningane via dei offentlege dokumenta på Lærdal Kommune sine nettsider) 

I fasaden på bakeribygningen vert ei dør erstatta med eit vinduage, og denne bygningen skal romme ei leilegheit på ein og ein halv etasje.

Stakittgjerdet rundt bygningane skal attreisast som ein tru kopi. 

 

Til toppen