NY PLANSJEF: Synnøve Stalheim er tilsett som ny plansjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Matias Helgheim.
NY PLANSJEF: Synnøve Stalheim er tilsett som ny plansjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Matias Helgheim.

Synnøve Stalheim blir ny plansjef

Fylkesrådmannen har tilsett Synnøve Stalheim som ny plansjef.

Sogn: Stalheim jobbar i dag som planleggingsleiar i Statens vegvesen.

Ho har lang erfaring frå fylkesmannen si miljøvernavdeling, frå opplæringsavdelinga i fylkeskommunen og lang røynsle som plan- og miljøvernleiar i Lærdal kommune. 

Stalheim er utdanna ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Universitetet i Bergen. 

Noverande plansjef  Svein Arne Skuggen Hoff sluttar i stillinga 31. juli 2016. Synnøve Stalheim tek til i stillinga 1. september.

Fylkesrådmann Tore Eriksen takkar Svein Arne Skuggen Hoff i ei pressemelding for godt arbeid gjennom mange år og ønskjer Synnøve Stalheim velkomen som ny plansjef.

Det melde seg fem søkjarar etter utlysing av stillinga som plansjef.

Til toppen